Ein utvider vel horisonten ved å lese nye bøker, uansett kva sjanger dei har. Og når ein ikkje har tid til alt, og må velje bort noko, er det naturleg å prioritere det ein er minst usikker på og som ein i størst grad trur ein vil like.

  • Med fare for å gjenta meg sjølv: Korfor er dette eit problem?
Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Ikke noe problem, men bare for å poengtere at man ikke kan vite noe før man har undersøkt saken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er eg heilt einig i :) Men ein kan jo ikkje få med seg alt, og då må ein jo bare foreta meir eller mindre kvalifiserte gjetningar, med tanke på kva som er verdt å få med seg og ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig; det er slett ikkje noko problem at vi vel bøker som vi trur passar oss! Dei siste åra har eg oftare enn før skutt blink når det gjeld val av lesestoff, rett og slett fordi eg etter kvart har blitt sikrare på kva eg liker og på kva eg ikkje vil bruke den dyrebare tida mi på. Samstundes har eg fått fantastiske leseopplevingar gjennom å gå laus på bøker eg tidlegare skydde som pesten, t.d. verker av Solstad og Fosse. Veit ikkje korfor eg hadde i mot desse forfattarane, det hadde vel berre med ein eller anna inngrodd fordom å gjere… Uansett: Fosse er no ein stor favoritt og Solstad er på veg til å bli det. For meg er det viktig å kunne lese det eg til ein kvar tid ønskjer å lese. Samstundes let eg meg påverke av andre, og på den måten har eg oppdaga for meg upløya litterær mark.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Sigrid NygaardPrunellaDolly DuckToveKarin  JensenHanne Kvernmo RyeKirsten LundBjørg L.BertyVioleta JakobsenBerit RRufsetufsaIvar SandSynnøve H HoelPi_MesonTom-Erik FallaIngunn SEvaMonica CarlsenVariosaHeidi Nicoline ErtnæsTorill RevheimgretemorLisbeth Kingsrud KvistenG LIngebjørgsiljehusmorbreksusannaAlice NordliKarin BergReidun SvensliVidar RingstrømMetteIreneleserHarald KTonje SivertsenmgeLailaritaoline