Eg har heller ikkje studert kunst- eller filosofihistorie, men eg har studert litteratur og eg synest både kunsthistorie og filosofi er spennande og les ein del av det.

Eg er heilt einig med deg i at vi ikkje kan lausrive form frå innhald. Men noko av problemet med seinare litteraturtenking er at det formelle kanskje har blitt nedvurdert til fordel for innhaldet. Og det trur eg er eit like stort feilgrep som å seie at forma er viktigare enn innhaldet. Det formelle og det innhaldsmessig - eller nærvær og meining - som Gumbrecht ville sagt, er to sider av same sak.

Les Gumbrecht - Production of Presence er veldig godt og lettfatteleg skriven. The Phenomoneolgy of Perception er litt mindre tilgjengeleg, og eg las ho med Merleau-Ponty, a guide for the perplexed ved sida av. Men begge er vel verdt å sette seg inn i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Du har helt rett i at også litteraturtenkning har lidd mye under et overdrevent fokus på innhold. Skal notere meg Gumbrecht-boka til å begynne med!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I forlenginga av dette, må eg bare legge inn to gode sitat. Det første er frå Birgitte Steffen Nielsen si bok Den grå stemme om Tranströmer si diktning:

”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” Birgitte Steffen Nielsen

Det andre er frå min all-time-favorite-lyrikar Gunnar Ekelöf, henta frå eit av essaya hans, kor han reflekterer rundt eiga dikting (Ekelöf sine essay kan forøvrig leggast til på lista over tekstar som har behandla spørsmålet ditt godt).

All konst bör vara ren sinnesnjutning. All stor konst är det. Meningen, metafysiken hör inte till konsten. En dikt betyder ingenting, dess betydelse er fullständigt oväsentlig; alla tiders surrealismer är misslyckade i den mån de presenterar känslotankar i stället för färgar och former. Allt spekulativt skall bort ur konsten till förmån för den rena lungna sinnesnjutningen. (Vilket inte utesluter att en sak som föreställer något kan vara betydligt mycket vackrare än en sak som inte föreställer något; men meningen har inte någon som helst betydelse för konstvärkets skönhet.) (Skrifter, bind 8:591).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er tiltalende ord, og det minner meg om Susan Sontags berømte essay Against interpretation, som avsluttes slik: In place of a hermeneutics we need an erotics of art.

Og det er jo noe i dette, kunsten har en "umiddelbarhet" ved seg, jeg kan for eksempel lese et dikt og synes det er vakkert uten å ha fått med meg noe av innholdet. For ikke å snakke om abstrakt kunst. Da nærmer kunsten seg musikken, og det var vel en gang en fyr som sa at all kunst etterstreber musikkens tilstand.

Samtidig byr det på problemer: Kan vi egentlig la være å tenke? Men jo, jeg tror man kan ha en mer umiddelbar opplevelse av kunst, en spontanitet i møtet med den, som vi i en verden drevet av logikk og rasjonalitet har glemt. Kanskje verre: hvordan i alle dager skal vi snakke om kunst, hvordan skal kunsten få betydning for dette fellesskapet som er en forestilling jeg mener den til en viss grad er avhengig av for å ha verdi, hvis vi ikke har ord for den?

Spennende problemstillinger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ekelöf har sagt mykje om at diktinga hans etterstrebar musikken si form, i dei same essaya. Det er ikkje han du tenker på?

Eg trur at språket kan ha ulike funksjonar, og at det kanskje er denne musikalske funksjonen som er med på å gjere lyrikken annleis enn kvardagsspråket. Det er i alle fall ein av faktorane. Men i mange tilfelle er jo det musikalske og lydlege i diktet med på å poengtere det innhaldsmessige. Dette er jo sjeldan to motsette storleikar, men snarare to storleikar som styrkar kvarandre. Sjå for eksempel på Rolf Jacobsen sitt dikt, "Jernbaneland". Her beskriver innhaldet det å bu ved jernbanen, samatidig som rytmen etterliknar toget sine lydar. Vi kan lese diktet og lytte til rytmen, og tenke på tog, utan å tenke på innhaldet. Også kan vi lese diktet og sjå på innhaldet og skjønne at dette diktet handlar jo om tog. Og det meiner eg er god diktning. Det same finn vi i Ekelöf sin "Böljesång", kor rytmen i diktet etterliknar lyden av bølgjer som skyllar fram og tilbake. Og ser vi til innhaldet så handlar det nettopp om bølgjer (og eget som ser ut over havet og tenker på evigheita).

Eg trur dette er med på å kjenneteikne god dikting. Det lydlege og formelle, som forsterkar innhaldet og gjer diktet til ei heilskapleg oppleving av eit tema, er for meg eit kvalitetsteikn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Nora KjærstadTom-Erik FallaKirsten LundmarithcRonnyLene AndresenRandiAKetilRisRosOgKlagingHanneGodemineAjiniakraPi_MesonTor-Arne JensenHilde H HelsethIngvild RosslundPiippokattaBeathe SolbergDolly DuckgretemorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLisbeth Marie UvaagAnn-ElinLailaTanteMamieLinda RastenMads Leonard HolvikAnn EkerhovdBerit B LieHegeHarald KHeidi HoltanInger-LiseTrygve JakobsenReadninggirl30TheaCathrine PedersenAgnete M. HafskjoldTine SundalTjommi