Då eg skreiv mi masteroppgåve, begynte eg med å lese mykje av tidlegare forskning om forfattarskapet. Det er mange lause trådar å ta tak i der. Dersom du søker i Bibsys og Atekst vil du finne gode artiklar - for eksempel i tidsskriftet Edda er det mykje å hente. Så ville eg ha lese ein del om surrealismen. For eksempel begynne med Andrè Breton sitt surrealistiske manifest, og søke i dei same databasane etter arbeid om denne retningen. Dersom du jobbar deg litt systematisk gjennom sekundærlitteratur, og tek systematiske notatar undervegs vil du komme langt på veg. Dersom du finn ei uoverkommeleg mengde litteratur, har du kanskje ein veiledar som kan hjelpe deg med å plukke ut kva som er mest relevant?

Når det gjeld sjølve skrivinga har du kanskje høyrd om fem-avsnittsmetoden, dersom du held på med ei lærarutdanning? Dette er eit veldig godt verktøy til å komme i gang med å skrive. Og dersom du søker på nettet på "The five paragraph method" vil du finne mykje godt om skriving (som også er svært nyttig i undervisningsbruk).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Tusen takk, Bjørg, for utfyllende og givende svar som ga meg flere muligheter! Jeg er riktignok lærer, men det er da så forferdelig mange år siden jeg utdannet meg. Dette er videreutdanning, og jeg er klar for nye verktøy.

Igjen, tusen takk for en respons som var mer enn jeg hadde ventet!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dersom du vil ha litt meir materiale om femavsnittsmetoden, kan du sende epostadressa di på ei melding, så kan eg sende deg det eg har. Det er som sagt veldig nyttig både til eiga skriving og til undervisningsbruk, dersom ein skal jobbe litt systematisk med skriving som grunnleggjande ferdigheit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så fint å kunne vere til hjelp :) Det er ikkje så lenge sidan eg gjekk gjennom same prosessen sjølv. Det å komme frå idé-stadiet til skrivestadiet er det vanskelegaste, når ein skal skrive slike omfattande oppgåver, synest eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VibekeAliceInsaneVegard Nordin LøvåJakob SæthreHanne Kvernmo RyeMarianneHarald KJørgen NThomas KihlmanCathrine PedersenJarmo LarsenNora FjelliIngvild SNina J.B.Trude JensenHeidi HoltanINA TORNESKirsten LundGroTine SundalPiippokattaAud- HelenHilde Merete GjessingGrete AastorpDaffy EnglundEivind  VaksvikEllen E. MartolDemeterBeate KristinReidun SvenslikntschjrldChristofferJoannBeathe SolbergTalmagretemorLars MæhlumTore HalsaLisbeth Marie Uvaagedgeofaword