Det å skrive litteraturhistorie over samtida, er ifølgje litteraturhistorikar Per Thomas Andersen noko av det vanskelegaste ein kan prøve seg på.
Om vi ser på litteraturhistorieskriving fram til nå, er jo tendensar meir sentrale enn einskilde forfattarskap. Grunnen til at Hamsun, Kielland, Bjørnson og Garborg (for ikkje å snakke om Ibsen!) har blitt ståande som sentrale og viktige, er at dei har innført ein ny tendens til litteraturen, i si samtid. Derfor blir dei henta fram, som representantar for vendepunkt i litteraturhistoria. Nora som går frå mannen sin, Bjørnson sin nasjonalromantikk og idyllisering av bøndene, Hamsun si utforsking av det ubeviste sjelslivet til mennesket - alt dette var nytt då det kom, og har prega diktinga i ettertid.
Dei forfattarane som kjem med noko nytt, som skapar debatt nå, er jo dei som skriv ei blanding av sjølvbiografi eller faktabaserte romanar og fiksjon, som blant anna Knausgård og Heivoll. Desse trur eg går inn i litteraturhistoria, fordi dei representerer noko nytt.
Utover dette trur eg det er vanskeleg å spå kven som vil bli hugsa.
Viser 2 svar.
Både Arne Garborg, Knut Hamsun og Agnar Mykle (og forsåvidt Knausgård) leser jeg i grunnen like mye på grunn av stilen og språket deres som på grunn av at de representerer noe nytt. Og så er de gode fortellere.
Einig! Og det er gjerne det at dei representerer noko nytt, som gjer at dei blir ståande som "store" i ettertid. Det er nok av bøker som kan vere gode i samtida, men som druknar litt i mengda i ettertid.