Akkurat det der er ei sanning med modifikasjonar. Du har rett i at forlagsbransjen får overskot til å ta sjansar på å gi ut smalare litteratur i og med at dei tener mykje pengar på bestselgjarmaskineriet.
På den andre sida blir den smale litteraturen gjerne dytta til side, til fordel for bestselgjarane, når det kjem til marknadsføring i medier og reklame og eksponering i bokhandlarane. Dermed er det også ei viss fare for at dei smale bøkene blir smalare, enn dei hadde vore om alle bøker hadde fått like mykje hylleplass og spalteplass.
Eit eksempel som provoserte meg ganske mykje, var då eg for nokre år sidan hadde lyst til å lese den då nyaste boka til Jon Fosse, Andvake. Eg gjekk innom fleire bokhandlarar for å leite etter denne boka, og først i fjerde butikken fekk eg tak i ho. Det som slo meg medan eg leita etter denne boka var at dei ansette i samtlege butikkar hadde på seg t-skjorter kor det stod "Ligge i grønne enger" på bryst og mage med gigantbokstavar, medan butikken ikkje ein gong hadde tatt inn romanen til Fosse.
Fosse og Ragde kan ikkje samanliknast. Dei har svært ulike skrivestil. Men når dei store kjedane vel å la vere å ta inn Fosse si bok i det heile tatt, kan ein ikkje seie at dei får like premisser. Så sjølv om bokavtalen er med på å gjere at bestselgjarane finansierer smalare utgivingar, er også bestselgjarane med på å ta frå smalare bøker den marknadsføringa og den eksponeringa dei kunne ha fått.
Viser 7 svar.
Det er nok kapitalen som gjelder her som på de fleste andre områder. Andevake har jeg ikke lest, tenker Fosse ikke er helt min stil, men jeg har hørt mye om den så noe må den ha solgt. Den er populær blant en del bokelskere. Skjønner at poenget ikke var å trekke frem Fosse spesielt, men han er vel relativ "smal" har jeg forstått, og er et godt eksempel. Tenker nettsamfunn som bokelskere har god påvirkningskraft så kanskje de smale får større plass etterhvert:)
Fosse er vel langt frå den smalaste. Men eg synest det er grunn til å stille spørsmål ved kven det eigentleg er som styrar kva som blir bestselgjarar og ikkje.
Innimellom får jo marknadsavdelinga i forlaga ei overrasking, slik som med Linda Ohlsson si bok (er det Synge stille sanger eller noko slikt ho heiter?), som blei ein bestselgjar som eit resultat av gode omtaler frå lesarar - nedanifrå. Men veldig ofte er eksponering og marknadsføring styrt frå forlaga si side.
Det er jo tydeleg at forlaga har oppdaga at sosiale medier kan brukast til marknadsføring, det ser vi jo på at dei sender leseeksemplar til bloggarar, blant anna.
Der kan du se..Han er nok mer enn smal nok for meg:)Ble litt nysgjerrig- Hva anser du som en smal bok og hva legger du i det? Er det motsatsen til bestselgerne?
Jeg tillater meg en liten kommentar, selv om det ikke var meg du stilte spørsmålet. Jon Fosse ER smal, men jeg har selv nokså nylig lest "Andvake" og jeg ble veldig positivt overrasket! Jeg trodde han var for smal for meg, men det var han definitivt ikke. "Andvake" ER spesiell, men språket og det vare i historien var nydelig - eller trist-vakker. Denne boka er nokså kort, så den er høyst overkommelig selv om du skulle finne den litt tung å komme gjennom.
Fosse er smal, i alle fall på norsk basis, men på verdsbasis er han jo svært suksessrik. Og sjølv om ikkje alle les han, har dei fleste høyrd om han. Og dermed er han langt frå den smalaste. Han er spesiell og han har ein spesiell stil, men han er allikevel eit namn dei fleste med marginal interesse for litteratur har fått med seg. Eg meiner ikkje å seie jo smalare, jo betre, for Morgon og kveld som er ei av dei finaste bøkene eg veit om, er skriven av Fosse. Men det er mange forfattarar som når ut til ei langt mindre lesargruppe enn Fosse.
Kva eg legg i "smal"? Det er eg jammen ikkje sikker på, og eg trur ikkje eg vil gå ut å kalle ei bok smal. Men nokre bøker har større lesarbreidde enn andre, og dei med smalare lesarbredde kallar eg "smalare" enn dei med stor lesarbredde.
Det har du dessverre rett i ... ;-/ Og det smerter meg dypt!
Og det er da jeg har et lønnlig håp om at vi her på Bokelskere kan bli en pressgruppe for å øke fokuset på sjeldne perler, slik at de atter kan bli utgitt og/eller (forresten både og!) bli tilgjengelige! Ja takk begge deler! ;-) Gode bøker selger ikke seg selv - de trenger ivrige ambassadører!
Tenker dette ble skrevet simultant,hehe. Beklager, hadde bare så lyst å svare;)