Har akkurat lyttet meg gjennom Francis Meyers lidenskap for annen gang, fordi jeg liker boka og synes den er både litt sår og til tider veldig morsom. Men du verden så brått og lettvint den slutter! Slutten står ikke i stil til resten av boka der Langeland har tatt seg god tid til skildring både av hovedpersoner, miljø og plot og virkelig fargelagt grundig. Kanskje begynte boka å bli for lang? Vet ikke sideantallet, men det var godt og vel 15 timer opplesning som var helt strålende, bortsett fra den siste halvtimen...
Viser 2 svar.
Eg lurte på korleis denne fine boka ville slutte - og kan vel vere einig med deg i at slutten står tilbake for resten, men det er heller ikkje godt å vite kva som ville ha vore ein god slutt på romanen ...
Nei det er sant. No lyt eg passe meg veldig for å røpe noko av handlinga her, og korleis det gjekk med Francis og Nadia er no ein sak, men eg synest at "oppklåringa" av det Meyer leita etter gjekk veldig fort og greit og utypisk i høve til korleis Langeland hadde jobba med handlinga tidlegare. Eg skulle elles ønska at denne boka var dobbelt så tjukk. Det er ei sånn typisk "å nei, ikkje ver slutt enno-bok".