Eg tenker at han kanskje litt sånn Viggo Mortensen-aktig eg, litt sliten og rufsete. Kanskje ei litt mindre veltrent utgåve av Viggo Mortensen hadde gjort seg? Han skal i alle fall ikkje vere lys, men litt mørk, med gråstenk i håret. Trur eg.
Viser 4 svar.
Kanskje det:) Likte han i Ringenes herre, men ellers ser han litt skummel ut. Men han er både dyktig og ser nordisk ut, og som du sier sliten og rufsete.
Han gjer jo ei veldig god rolle i "A history of violence" også. Eg synest ikkje han ser skummel ut ;)
Den har jeg ikke sett. Husker ikke hvorfor jeg mener han ser skummel ut, må jo ha sett ham i en film? Sikkert ikke noe dumt valg uansett:)
Det er ein av dei betre filmane - han er litt mørk, så det kan vere lurt å ha litt overskot til å sjå han, men det er ein svært god film. Viggo Mortensen speler ein fredeleg familiefar, som brått blir konfrontert med den valdelege fortida si. Filmen reiser ei rekke spørsmål i forhold til om mennesket kan forandre seg eller ikkje, og er svært godt laga.