Eg prøvde eigentleg bare å forklare korfor eg er einig i uttalinga om at denne boka er "kommersiell", som trådstartar var så rysta over. Og eg meiner at boka er kommersiell, fordi ho formidler populære fordommar som sel godt, på ein lite nyansert måte.

Eg opplever at du legg ord i munnen på meg, som eg ikkje har sagt. Eg meiner ikkje at ein bør skamme seg over å ikkje ha den rette oppfatninga, slik du skriv. Men eg meiner at det er synd at alle dei som møter "slike verdener for første gang gjennom ei slik bok som Drageløperen" som du seier, møter slike verdner gjennom ei så unyansert framstilling. Eg trur "Drageløperen" tener meir til å stadfeste fordommar enn å utfordre dei. Og det synest eg ikkje er ein god ting.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Jeg var ikke "så rysta" over at noen kalte Drageløperen for ei kommersiell bok. Jeg reagerte bare på at noen brukte begrunnelsen "Den boka er for kommersiell", for ikke å lese den. Synes det var litt for enkelt. Flere i denne tråden som har brukt den samme begrunnelsen for ikke å lese den boka, men flere av de har nyansert det bedre, og da er det lettere å forstå det. Har ingen problemer med å forstå det. Vi må jo alle velge ut hva vi vil lese. Når det er sagt, så synes jeg det er utrolig gøy at så mange har skrevet innlegg på denne tråden. Veldig interssant å lese:)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det kan hende det bare er meg, men når det står 12 utropsteikn i overskrifta, tenker eg at det er eit uttrykk for for eksemepel å vere rysta eller sjokkert - derav den feilslutning :)

Eg synest også å seie at "den er for kommersiell" er litt for enkelt, men likevel er eg einig i at boka er kommersiell. Og det var det eg svarte på - kva som gjer at eg er einig i at dette er ei kommersiell bok. Viss ikkje det var det du spurte om i det heile tatt, beklager eg at eg misforstod deg.

Eg er heilt einig i at alle skal få velje kva dei vil lese. Men eg opplever ofte at det blir sett på som eit uttrykk for ei negativ, snobbete og elitistisk haldning å faktisk ta desse vala, dersom dei går ut over bøker som sel i enorme opplag. Dersom ein vel at ein vil lese desse bøkene derimot, er det heilt greit å avfeie andre bøker ved å seie "Eg liker ikkje tunge bøker", utan at ein eigentleg veit om boka er "tung" eller ikkje. Og det er jo like lettvint, men langt meir akseptert.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mulig du legger mer i dette enn jeg. Tenker i utgangspunktet at boken ikke har så stor betydning for folks holdninger som du uttrykker. Er litt usikker på hvilke holdninger du mener den fremmer. Det er en roman vi diskuterer og etter det jeg har erfart er vel ikke romaner vanligvis spesielt objektive. Vi ser handlingen gjennom en gutt/ manns øyne, og hans handlinger mot sin beste venn er vel så viktige som det ytre, som jeg regner med er det du viser til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då er vi nok grunnleggjande ueinige der :), for eg trur nemleg at bøker har stor betydning for folk sine haldningar. I alle fall bøker som i stor grad gir seg ut for å ha dokumentariske trekk. Det verdisynet eg meiner denne (og ei rekke andre bøker, filmar og andre medier) representerer, er ei formidling av vestlege (amerikanske) kulturimperialistiske verdiar.

Det er mykje gale med måten talibanregimet behandlar folk på, og det er absolutt kritikkverdig. Men denne kritikken må komme innanfrå, med utgangspunkt i korleis folk har det og korleis det er å leve der. I Drageløperen blir samfunnskritikken presentert gjennom måten det afghanske samfunnet skil seg frå det amerikanske, med ei tydeleg "hadde dei bare vore som oss"- haldning, ville ikkje noko av dette vonde skjedd. Og det er eit unyansert utgangspunkt. Eg meiner at boka ikkje problematiserer situasjonen slik han er, i Afghanistan, men at ho samanliknar det afghanske samfunnet med noko det ikkje er i det heile tatt. Folk har opplevd mykje vondt under Taliban, men det legitimerer på ingen måte den krigen som foregår der nede nå. Den krigen bunnar også i den same utanifrå-haldninga som boka presenterer: vi i vesten skal komme og redde dei stakkarane frå det fæle regimet dei lever under. Og eg synest dette utgangspunktet er kritikkverdig. Det eg reagerer på er altså at kritikken kjem i eit utanifrå-perspektiv og ikkje i eit innanfrå-perspektiv.

For å ha samanlikningsgrunnlag kan eg jo nemne Persepolis som eit motstykke. Persepolis reiser mykje av den same krtikken som Drageløperen gjer, mot regimet i iran, men i Persepolis er opprøret lokalisert i Marjane, i eit innanfrå-perspektiv og ikkje i eit "alt er mykje betre hos oss"- perspektiv. Og det er dette eg reagerer på.

Men eg har på ingen måte meint å rakke ned på andre sine lesevaner. Eg har bare forsøkt å forklare korfor eg personleg eigentleg kunne klart meg fint utan å ha lese akkurat denne boka. Og eg trur at vi gjennom film, medier og bøker lar oss påverke til å tru bestemte ting om verda.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jeg oppfatter som sagt ikke det du prøver å presentere her, muligens fordi jeg ikke er opptatt av å tolke alt jeg leser. Har ikke tenkt at "vi er bedre" eller liknende, men det utelukker ikke at andre tenker sånn - ser det. Som jeg har sagt tidligere i denne tråden, er at skal en sjekke motiv og bakgrunnen til alle forfattere en leser blir det å lese et studie ikke hygge og kos, alt for mye stress i en travel hverdag. Klart en skal være kritisk, men overtolker man vil det ødelegge mye av lesegleden for meg og sikkert mange andre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då les vi nok på veldig forskjellige måtar. Eg er oppteken av å finne ei meinig i og forstå dei bøkene eg les, utan at det øydelegg lesargleda for meg. Snarare tvert i mot finn eg mykje glede i å lese bøker som gir meining. Også er det nokre bøker som presenterer ei meining eg ikkje liker, og då blir eg litt negativ til desse bøkene. Men med fare for å gjenta meg sjølv, trur eg eg skal la dette ligge nå. Eg har sagt kva eg meiner om denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ToveIngrid HilmerFindusRoger MartinsenVibekeAliceInsaneVegard Nordin LøvåJakob SæthreHanne Kvernmo RyeMarianneHarald KJørgen NThomas KihlmanCathrine PedersenJarmo LarsenNora FjelliIngvild SNina J.B.Trude JensenHeidi HoltanINA TORNESKirsten LundGroTine SundalPiippokattaAud- HelenHilde Merete GjessingGrete AastorpDaffy EnglundEivind  VaksvikEllen E. MartolDemeterBeate KristinReidun SvenslikntschjrldChristofferJoannBeathe SolbergTalmagretemor