Fin omtale du har skrive Anja. Du likte den norske omsettjinga, ja? Sjølv har eg berre lese den på engelsk, men det byrjar å verte ei stund sidan så kanskje eg skal prøve meg på nytt.

Eg er einig med deg i at det mest interessante med eposet er dei mange likskapane mellom den gamle mesopotanske gudetrua, og nyare trusretningar.

Einaste problemet med eposet er dei manglande fragmentdelane. Sørgeleg at dei ikkje er avdekka endå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Takk ;) Ja, eg likte i grunn omsetjinga, sjølv om Seyersted i forordet seier at han har tatt ein del val som ikkje stemmer med originalen. Blant anna dreier dette seg om sluten (der gjentek han starten) og språket. Sidan eposet er skreve av mange og gjennom mange år, ber språket i originalen preg av dette. Seyersted har valt å leggje seg på ei linje der språket og uttrykksforma er likt gjennom hele omsetjinga (vel, gjendiktinga). Dette gjer nok eposet lettare å lese for oss som ikkje har så stor kjennskap til såpass gamal litteratur, samstundes som det gjer eit meir samanhengande inntrykk.

Skulle gjerne fått lest dei manglande fragmentdelane! Det er så interessant å lese om heltar og hendingar frå svunne tidar…

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Høyres bra ut. Den utgåva eg las hadde valt å vere tru mot teksten sitt opphav, dermed var det ingenting som ikkje stemte (nåja), men desto fleire hol. Får satse på at det dukkar opp fleire fragmenter med tida.

Heltar og hendingar (klarte først å lese hedningar) frå svunne tider er ikkje feil! Eg har så smått byrja å setje meg inn i keltisk og gamal amerikansk tru og kultur, ja også opplever eg sjølvsagt mad men nostalgi..

(La merke til at du gjekk over til nynorsk ;) )

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeHeidi