Enkelte bøker er det knytt sterke minne til - som denne: To veker i Delfi, i 2005, for å studere gresk språk og kultur ved det europeiske kultursenteret der. Det er i slike samanhengar ein skjønner korfor Apollon valde seg Delfi. Ja, så vakkert er det der. Havet, like ved, himmelen, skogen og fjellet. Sikadane. Og maten og vinen. Badestranda ei lita bussreise unna. Og heile tida kunne boltre seg i gresk tenking, gresk kunst, gresk litteratur og ikkje minst gresk språk - det klassiske og det nye. Vandringar i Apollons heilgdom; det er her boka "Delphes" kjem inn: Å gå i heilgadommen med denne boka er noko av det største eg har gjort. Stoppe opp og sjå, sjå samanhengar, sjå føre seg korleis prosesjonane lyt ha gått her, korleis teaterframsyningane lyt ha vore, korleis idrettsleikane har utspelt seg på stadion der. Den vesle boka gir innføring - og så byrjar staden å leve inni meg.