Husa som Shakespeare-familien budde i er emnet for dette velsle heftet med akkurat nok informasjon, for litteraturen er no viktigare enn husa. Solskin på alle bileta, men solskin var det òg den dagen eg var der. Familietreet til diktaren er òg med, det genealogiske, altså - hagen ved huset han vart fødd i, er full av andre, koselege tre, som nok har levd lenger enn syskena og barna til William.