"Jamaica Inn" av Daphne du Maurier møtte eg fyrst som radioteater, omsett av Ivar Eskeland, var det vel, og med dyster munnharpe - som eit ekko av skumle dønningar mot strender med vrakrøvarar og kornisk øydemark. Det hadde gått fleire gonger utan at eg hadde fått med meg slutten. I samlebindet "Four Great Cornish Novels" las eg heile romanen om den foreldrelause Mary som kom til å oppleve så mykje tvers igjennom uhyggeleg. Løysinga var som eg hadde tenkt ut frå måten episodane og kapitla slutta på. For meg er "Jamaica Inn" ein god roman fordi forfattaren skapar spenning og gir ei levande og truverdig miljø- og menneskeskildring (personane er meir samansette enn ein fyrst kunne tru). Riktig, gammaldags uhygge blir det!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTor Arne DahlHanneMads Leonard HolvikMcHempettIngvild SAlice NordliPiippokattaNorahChristofferBeathe SolbergBeaKareteIngunn SVannflaskePernille GrimelandOleL. SeljeliKnutMRisRosOgKlagingTone HellinoronilleCathrine PedersenTorill RevheimDemeterAnn Helen EMarit FagernesAlexandra Maria Gressum-KemppiHeidiEivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenmarvikkisKjell F TislevollHelena EBeate KristinWenche VargasMarianneNEster SAstrid Terese Bjorland Skjeggerud