Ei gjendikting kjem aldri opp mot originalen – og lyt vurderast deretter. Kari Näumann er solid, og ikkje minst seriøs, men ho legg sjølv opp til at gjendiktinga av Federíco García Lorcas “Romancero Gitano” (1938) blir flatare enn Lorcas eigen tekst frå 1928. Hovudproblemet for ein gjendiktar av spansk poesi til norsk er vel originalens bruk av assonansrim, og berre i eitt av dikta, “Antoñito el Camborios død”, gjennomfører Näumann dette verkemidlet fullt ut. Resultatet blir at vi i dette diktet kjenner intensiteten hos Lorca, og det er bra, men det skulle då vel òg berre mangle,i ei bok som dette, men elles blir Bokvennens utgåve prega av prosaliknande og til dels tørre tekster, fjernt frå Andalucias sol og hamrande rytme. Men ikkje alt er grått: Inderleg og sterk er Gracía Lorca når han skriv om “Sankta Eulalias martyrium”; her formidlar gjendiktaren innsiktsfullt mykje av grunnstemninga i diktet. Derfor burde ho ha prøvd å skrive seg opp, så langt ho kan komme, opp på García Lorcas språklege nivå; det er ikkje nok, det ho gir oss. Derimot skriv Näumann gode og presise kommentarar til dikta – utan å opplyse kvar ho har informasjonen sin frå. I etterordet skriv Inger Elisabeth Hansen instruktivt om Lorca, men einig i alle vurderingane hennes om den spanske borgarkrigen er eg ikkje. Derimot uttrykkjer ho seg lærerikt og poetisk om uttrykket “duende”, som ho fint forklarer med at “duende”-n kan trollstemme, noko som passar godt på dette grunnelementet i denne delen av poesien til Lorca. Utgåva fungerer best som diskusjonspartnar når lesaren står fast på uttrykk i den spanske grunnteksta.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaPiippokattaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenKirsten LundFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MChristofer GabrielsenTanteMamieAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJB