For nokre få år sidan høyrde eg i adioen eit intervju med Lena Einjorn. Derfor kjøpte eg, neste gong eg var i Stockholm, denne boka. Forfattaren prøver å vise at Paulus er Jesus, dvs. at Jesus ikkje døydde (korsfesting var ein straffemetode, ikkje ein avrettingsmetode), men kom att litt etterpå og kalla seg Paulus. Hovudbeviset er Apostelgjerningane, 21.37-38. Forfattaren viser til mange kjelder som vi ikkje les til vanleg, så dette her er svært så interessant, men litt sært, då, kanskje.