I denne runden med Ibsen, der eg tek føre meg "Henrik Ibsens skrifter", og som eg byrja med før det prisverdige initiativet frå kjellk om å ta Ibsen i fellesskap, har eg særleg konsentrert meg om "Peer Gynt" i eit språkleg perspektiv md vekt på rimkunst og uttrykk som lever vidare i språket; vi kjenner jo historia om han som ikkje likte "Per Gynt" fordi stykket hadde så mange sitat - og så var det nettopp "Peer Gynt" som var opphavet til alle desse uttrykka som språket vårt er så fullt av. Eg har ført opp dei som eg meiner er høgdepunkta under "Sitater fra boka". For meg framstår altså "Peer Gynt" denne gongen som eit språkleg meisterverk. Tydelegvis måtte Ibsen gå ein runde med "Brand" fyrst - og så kom "Peer Gynt" nesten av seg sjølv, sa han; dette gjeld nok òg for språk og rim, ikkje berre tematisk. I femte bindet av "Henrik Ibsens skrifter" er altså både "Brand" og "Peer Gynt" med, dei to motplolane som her går saman om å uttrykkje sentrale idear i Ibsens forfattarskap.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Aud Merete RambølLilleviMonaBLRuneKirsten LundHeidimgeKjerstiDagfinn JakobsenInger BjørndalJulie StensethIna Elisabeth Bøgh VigresomniferumCamillaBerit RPiippokattaFride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig T