Det franske utanriksdepartementet gir, som sine kollegaer i andre land, ut publikasjonar med fakta om sitt eige land. Heldigvis klarer forfattarane å problematisere stoffet slik at boka ikkje berre blir eit skrytealbum, men det er jo ei grense for kor lenge ein kan presentere noko som "utfordringa" og "problem" når katastrofar står rett bak døra. Kunne ha vore artig å sjå ei tilsvarande bok i dag, på bakgrunn av Sarkozys herjingar.