Ein kunne tru at artiklane i tidsskriftet til Sigrid Undset-selskapet (eg har fått endra nemnaet frå det hålause "Sigrid Undset Selskapet" til det korrekte "Sigrid Undset-selskapet") ville vere drøvtygging. Men nei: Alltid noko nytt, alltid nye innfallsvinklar, så godt som alltid nytt syn på kjende ting. Her skriv Jannicke Karin Solheim om "Sigrid Undset og Sannhet", Else-Britt Nilsen om "Kvinner i middelalderens kirke", Sigrun Slapgard om "Sigrid Undset og Sunniva-legenden på Selja", Nan Bentzen Skilleom "Å leve årstidenes eventyr" og Ingunn Aagedahl Schinstad om "I Undsets hage" (litt sært, då, men det høyrer vel med). Mest interessant for meg er Vera H. Føllesdals artikkel "Hva ligger i tittel 'Gymnadenia'?", der ho går imot rådande oppfatningar og presenterer ei fullt ut truverdig og sannsynleg tolking. Nei, eg angrar meg ikkej for at eg meldte meg inn i Sigrid Undset-selskapet!