To - i utgangsounktet - vidt forskjellige emne utgjer denne boka. Fyrst kjem dei småe - eller betre: korte - epistlane, m.a. om Friedrich Engels i Noreg, om Thomas Mann og Alexander Kielland. Neste del er dagboksnotat - i seg sjølv kanskje ikkje så interessante, men i sum blir dei ein sunn og heftig kommentar til store og småe hendingar på det personlege, faglege, nasjonale og internasjonale planet. Underfundig og klarsynt.