Litt av eit konglomerat, dette - essay om fleire av dei nagske interesseområda. Eg har ingen problem med å støtte Nag i at fleire dikt han har funne i Bergens-pressa frå 1850-åra, kan vere skrivne av den unge Henrik Ibsen, heller ikkje i at det finst interessante parallellar mellom Lars Hertervig og Osvald Alving. Men eg trur at vi ikkje kan rekne med noka linje mellom Karl Marx og Marcus Thrane, for denne norske forkjemparen for småkårsfolk var nok heller påverka av dei utopiske enn dei vitskaplege sosialistane. Moglege kvekarmotiv hos Ibsen er nok noko på sida av dei faktiske forholda, men Nag skal ha takk for å trekkje kvekarane, denne grasrotrørsla for åndsfridom og mot embetsmannsstyret, fram i lyset. Her er fleire fine parallellar mellom kunstnarar av ulike slag - og fleire dryss av linjer mellom Ibsen, Bjørnson og Hamsun og dei russiske forfattarane. Eit portrett av Karin Boye i Sovjetunionen var nyttig lesestoff. Alt i alt: Blanda, men eit innslag i den gode strid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie