Til jul i 1979 sendte Martin Nag meg ei fin bibliofilutgåve; "Rogalands Avis" hadde samla Nags artiklar i avisa om det han kallar "nedslag fra de store russiske diktere Gogol, Dostojevskij, Turgensjev, Tolstoj og Garsjin hos tre Rogalandsforfattere, - Garborg, Kielland og Obstfelder". Ja, her er mykje å ta av: Gogol og Kielland, Turgenjev og Garborg, Turgensjev og Kielland, Turgensjev og Obstfelder, Dostojevskij og Garborg, Dostojevskij og Kielland, Dostojevskij og Obstfelder, Tolstoj og Garborg, Tolstoj, ielland og Obstfelder og Garsjin og Obstfelder! Sjølvsagt las rogalendingane dei russiske kollegaene sine, sjølvsagt finnvi konkrete nedslag. Men dermed, om eg ein mannsalder seinare skal få offentleggjere innvendingane mine, er det ikkje sagt at alle parallellar er resultat av lesinga - tankar låg i tida, og det er heilt naturleg at forfattarane langt på veg var opptekne av det same. "Ekteskapsdramaet mellom Wenche og Carsten Løvdahl har noe tolstojsk ved seg," skriv den gode - i dobbel meining - Martin Nag; tja - men ikkje berre tolstjsk, lyt eg føye til, kanskje ikkje spesielt tolstojsk i det heile tatt? Bortsett frå slike tendensar til "overtolkingar" er heftet fullt av verdifulle jamføringar mellom åndsgigantar - eit flott hefte som eg er glad for å eige, med handskriven helsing.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Martin Nag døydde for nokre veker sidan og hytta der han pleide å vere på sommaren og i andre feriar her heime, skal nå gjerast om til eit lite museum. Nag har vel aldri vore eit A4-menneske og mange har nok sett på han som "berre" ein original. Men han hadde mykje kunnskap og stod for det han trudde på. Eg håpar, og trur at sambygdingane vil vere stolte av han og sette pris på den jobben han gjorde. Eg jobba på kulturkontoret ein periode og hadde ofte besøk av Nag som leverte inn ulike hefter for sal til innbyggarane i kommunen. Og han var alltid viljug til å signere med ei personleg helsing og likte best å vite kven det var som skulle få heftet hans. Då skreiv han nokre ord som passa til akkurat denne personen, eller: til den staden personen kom ifrå eller budde på :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

marvikkisKirsten LundsiljehusmorTralteAmanda AToveVanja SolemdalKaramasov11RandiLilleviBerit B LieGroLars MæhlumGodemineHarald KBerit RSolStig TElin Katrine NilssenBerretMariaTanteMamieRufsetufsaBeathe SolbergPiippokattaJulie StensethDaffy EnglundGitte FurusethEline StenersenEllen E. MartolEli HagelundHeidiIngvild SAnn-ElinStine AskeKari FredriksenLinda NyrudAnniken RøilLailaTarjeiStein Kippersund