For å nå måla fred, nedrusting, konfliktløysing og avskaffing av fattigdom, er tverrpolitisk mobilsering nødvendig. Boka er nettopp uttrykk for dette. Ja, det er ikkje mindre enn oppfylling av SNs tusenårsmål som er målet for arbeidet til entusiasten Knut Vidar Paulsen. Bidraga kjem frå fleire retningar, frå Olemic Tommessen og Jon Lilletun til Jonas Gahr Støre og Hallvard Bakke. Her er dei samla, frå ein luthersk prest til humanetikarar, i eit felles ønske. "Etikk før butikk," skreiv Lilletun. Måtte han få rett!