Forfattaren, kritikaren, gjendiktaren og kulturarbeidaren Martin Nag, dette gode mennesket frå Rogaland, vart til syttiårsdagen heidra med eit festsskrift, der gratulasjonslista viser at han har venner langt ut over dei som er einige med han i eitt og alt. Boka er symptomatisk nok gitt ut på Kvekerforlaget; Nag har lyft historia til denne rørsla fram i lyset, som eksempel på åndsarbeidet blant dei låge i samfunnet. Her står det mykje om dei - lokalt, ja, men i eit allment og større perspektiv. Så produktiv han har vore, og er det framleis, 83 år ung. Gjendiktingane frå slaviske språk kan eg ikkje uttale meg om kvaliteten på, men det som han skriv om norsk og russisk litteratur, ser eg har ein fruktbar innfallsvinkel: intertekstualitet, parallellar og kontrastar. Det er kulturell økologi, dette, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Fagleg mest verdifull for meg er kanskje studiet av forholdet mellom Ibsen og Tsjekov. Saman med dagboksnotata i lyrisk prosa blir denne boka til det ho annonserer i undertittelen - eit fest-skrift!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken RøilVannflaskeTine SundalmarvikkisAlice NordliLilleviMorten MüllerKirsten LundTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe Solberg