Jo, som innføring i dramateori er det kanskje vanskeleg å finne noko meir pedagogisk. Eller aller helst: Bruk denne saman med Leif Longums "Å lese skuespill", så blir det sving over tolkingane. Gode eksempel har dei, og lesinga har gitt meg litt nye perspektiv også på drama som eg trudde at eg kjente ut og inn. Heldigvis har boka framlegg til vidare lesing. Men forfattarane kunne godt ha trekt ein aldri å liten liten parallell mellom "La vida es sueño" og "Jeppe paa Bierget"; her er det verkeleg barokke tilstandar når Jeppe vaknar i baronsenga ...