Rett og slett morosamt, er det. Eg høyrer på Richard Herrmann som les sine eigne historier om britiske mordsaker. Heldigvis er desse kåseria på cd; eg kan hugse desse programma frå radioen; dei gjekk på laurdagskveldane, til og med, til god underhaldning for oss som hadde sans for språkkunst og britisk historie, nær og fjern. For eg veit ikkje om andre som i så stor grad lagar slike su verene tekster. Lytt til oppbygginga; det er eit mønster her - nyt korleis han med nøye utvalde adjektiv og adverb skildrar personar og miljø, korleis han byggjer opp setningane, og byggjer dei ut, med innskot og apposisjonar. Ikkje minst apposisjonane. Setninagne har rytme òg; han har laga dei slik at dei passar til den litt lune, ru og koselege stemma hans, slik vi hugsar dei frå rapportane han kom med frå London i radioen og seinare i fjernsynet. Det var tider, det, med Richard Herrmann i London og Ottar Odland og Gidske Andersson i Paris, ordkunstnarar alle saman. Så blir det stivt når han har pussa og gnidd på formuleringane så ingen ord er overflødige og så absolutt ikkje på feil plass, når setningane glir over i einannan og skapar linjer, når han vekslar mellom detaljar og heilskap og går fram og tilbake i tida etter ein nøye uttenkt plan? Nei, lytt berre når han les!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Husker veldig godt den flotte stemmen hans og jeg har en del av bøkene som er utrolig behagelige og lærerike å lese. Som du sier er det slik flyt i de, en ro og ikke minst humoristiske kommentarer som er som "prikken over i'n" i alle de kåseriene han har fremført og i bøkene han har utgitt.
Jeg husker når jeg las bøkene var det som om jeg hørte stemmen hans inni hodet mitt, den mørke og lune stemmen.
Det er bra at stoff fra hans "reisebrev" og hans kåserier er blitt tatt vare på og utgitt.
Har leita febrilsk etter boka "En dikter fra Statford" for nylig å oppdage at den kun er på cd. Vel, da er det bare en ting å gjøre....:)
Han var etterkrigstidens stemme fra London

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tips! Her ble nærmest barndomsminner vekket igjen, jo det er så lenge siden, er det ikke? Synes å erindre at jeg og søsteren min satte en vekkeklokke på alarm for å huske at vi skulle høre ham på radioen, men da var det dronning-programmene hans. Hmmm, mer på ønskelista...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KAnne-Stine Ruud HusevågElisabeth SveeLinda NyrudHenrik  Holtvedt AndersenLilleviTatiana WesserlingPiippokattaHeidiTanteMamieEline StenersenTine SundalHarald AndersenKirsten LundFrode Øglænd  MalminSynnøve H HoelHeidi LmarithcMonica CarlsenJohn LarsenBjørg RistvedtMarit HåverstadEirin EftevandHeidi BPilarisKjerstiKari FredriksenIngvild SPer LundBeathe SolbergIngeborg GKaramasov11MarenGladleserSigrid Blytt TøsdalKjell F TislevollKarin BergEllen E. MartolLars MæhlumVariosaTrine