Eg har for vane å kjøpe ei lita bok om kvar by eg er i. I Berlin i 2006 vart kjøpet ei bok med stort sett fine fotografi og relativt opplysande tekst. For meg er Berlin fyrst og fremst den byen som den unge Emil i Erich Kästners roman møtte og fekk hjelp av "detektivane" i, men det går òg an å nyte andre ting i byen ved Spree med så mykje historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Ikkje at eg er så veldig bereist, men Berlin er den byen der ein aldri gløymer historia same kva ein foretek seg. Første gongen eg var der, vart eg springande rundt heile tida og tenke: "Er eg i gamle Aust- eller gamle Vest-Berlin no?" Interessant bok i den sammenhengen er Petticoat und kalter Krieg som er tidsvitneskildringar frå kvardagen rundt tida då muren vart reist.

Sist gong eg var i Berlin, vart Käthe Kollwitz-museet den sterkaste opplevinga, der særleg skulpturane av mødre og barn vart ei så sterk oppleving at eg faktisk gjekk ut av museet i tårer. Gjekk heldigvis innatt ein tur og fekk med meg ei praktfull bok om Kollwitz sin kunst.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

marvikkisKirsten LundJanne Kristin HøylandTralteAnniken BjørnesTanteMamieLilleviAnette Christin MjøsJulie StensethVannflaskeEivind  VaksvikKarin BergEli HagelundReadninggirl30lillianerBjørg L.VariosaBeathe SolbergLene AndresenTor Arne DahlBente NogvaHanneAkima MontgomeryChristofferSverreElisabeth SoleimTatiana WesserlingAnn-ElinSynnøve H HoelHilde VrangsagenJarmo LarsenReidun VærnesAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPernille GrimelandKjell F TislevollTorill RevheimLisbeth Marie UvaagTurid KjendlieIngeborg GRisRosOgKlaging