Det vrimlar av bøker om gresk og romersk mytologi, men Chr. Gorm Tortzen, ein av Danmarks kapasitetar på gresk og romersk språk og åndsliv, går ikkje i den same fella som andre. Her er inga oppramsing lik dei i konkurrerande verk; i staden følgjer Tortzen den greske historikaren Apollodors' systematiske gjennomgang av den greske mytologien. Stamtavler hjelper til med å halde orden i sakene (og i hovudet).