For ein skatt! Heftet frå 1935 byggjer på ein tysk idé, "Wege zur Selbstbildung der Arbeiters", og er gitt ut på norsk av H.J. Hjartøy og Håkon Lie - så kunne det altså komme noko godt frå den kanten! Tanken er å hjelpe norske arbeidarar med å komme i gang med å lese faglitteratur for å forstå og endre verda. Også skjønnlitteraturen blir nemnd; m.a. er kritikken av "indianerfortellinger" (som eg er så glad i!) hard. Men altså: Eit friskt pust om folkeopplysning i ei elles så antiintellektuell norsk arbeidarrørsle. Mykje kan verke naivt og overoptimistisk i dag, men grunntanken - gjennom opplysning til frigjering - gjeld enno. For fullt.