Samlinga fortener å bli studert, diskutert og brukt: "Må vi rekne, også no?" sa ein elev i dag; vi dreiv med (fiktiv) reiseplanlegging. Skulle berre mangle at det å rekne i euro og pesos ikkje skulle høyre med til fremmendspråkopplæringa! Samlinga inneheld mykje meir, og svenskar og danskar har fine innlegg om grunnleggjande ferdigheiter. Men kanskje spesielt vil eg trekkje fram Torgeir Onstads "Tall, telling og kultur". Her er mykje å lære for mange filologar, skulle eg tru.