Burlesk og framifrå harselering med målfolk OG austlendingar. For deg som likar språk og meir ekstreme versjonar av verkemiddel på alle måtar.
Vi møter fleire sære typar frå Vassbygda/Vassbygdi som gjør (nestan) alt for at den vesle landsbyen (sic.) på Vestlandet skal halde fram med å være nynorskens høgborg. Dei endrar navna på bilen sin frå Toyota til Toyoti og Audi til Auda. Dei terroriserar den innflytta kordirigenten når han ikkje har nok songar på nynorsk på konsertreportoaret. Og dei kjem med lister over tillatte ord til dei nyinnflytta i "landsbyen".
Herleg og intelligent skrivi! Godt språk med sprelske formuleringar. Vel verdt å lese!
Viser 4 svar.
Lenge sidan eg har ledd så godt! Herleg bok!
Ei rar og godmodig bok dette. Eg sat fleire gonger å humra og rista på hovudet mens eg las. Forfattaren klarer å beskriva folk og situasjonane godt, og eg følte nesten at eg hadde vært i Vassbygda/ Vassbygdi ein eller anna gong.
Ha, ha! Denne hørtes læn ut! Artig med nynorskforfattere som skriver sånn at en ler høyt. Er veldig glad i "Få meg på, for fan" av Olaug Nilssen. Ligner de på hverandre i tema og humor?
Har dessverre ikke lest "Få meg på...". Men har hørt at denne er morsom OG at den er til tider ganske så erotisk. Det er IKKE "Når ein først skal..."