Kulturblandingar og migrasjonar har det vore mykje av i Karibia - folkemord òg; her presenterer Irma Nicasio Rodriguez og Odalís G. Pérez kva som har hendt i Den dominikanske republikken på dette området. Særleg interessant er å sjå korleis kulturen til urinnvånarane framleis er til stades trass i at spaniarane skal ha utrdydda alle amerikanarane som var på øya då dei kom. Boka gir perspektiv på dagens forhold mellom haitianarar og dominikanarar og har eit vell av informasjon om kultur i Den dominikanske republikken i fortid og notid.