Dette er ei mytologisk leksikon som Bokklubben gav ut i 1980-åra. verket er opphavleg svensk. Du kan slå opp på "Månen", og så står det litt om månen i mytlogien. Mange gudar står her, og namn i Bibelen og i eventyr, mytar og sagn. H.C. Andersens eventyr "Nattergalen" får ein resymé av, for å ta ei anna side av boka. Dei fyrste oppslagsorda er Abaddon (avgrunnens engel i Johannes' Openberring), Abadir, Abarbarea, Abaris, Abas, Abdallah, abderitter, ....Abigail, ab ovo, Abracassus, Abraham (patriarken i Bibelen), abrakadabra, abraxas (trylleord), Absalom, Abu Hassan, Acadinus ........Adam og Eva, ... 418 sider, t.om. Ånden i krukken, Åsa og Åsgard. Mange fine illustrasjonar. Apostelen Peter står føre Peter Pan. Altså stor variasjon.
Viser 2 svar.
Okay høres ut som et ganske morsomt opslagsværk og eie :)
Ja, er interessant å bla i det sjølv om eg med åra har henta utdjupande stoff frå meir omfattande kjelder. I dag kan ein finne mykje på Internett, men dette verket vart laga før Internett kom. Du får sjå etter det på biblioteket!