Eg har ikkje lese så mange bøker av Selma Lagerlöf, men i det siste har eg lytta til Gösta Berlings saga, boka som gjorde henne kjend (1891). Lagerlöf fekk Nobelprisen i 1909.
Handlinga er lagd til Värmland, Lagerlöf sine heimtrakter. 1820-30.. Hovudpersonen er Gösta Berling, ein prest som blei avsett på grunn av drukkenskap. Ei tid måtte han ty til "tiggarstaven", men så havna han blant kavalerane på Ekeby herregard. Her levde han eit sorglaust liv. Han var vakker og var godt lika av kvinnene. Hadde fleire kvinnehistorier, men den store kjærleiken var til grevinne Elisabeth - som var gift.
Romanen inneheld dramatikk, kjærleik, romantikk, humor, glede, sorg, godhet og vondskap - alt i rikt monn. Nokre overnaturlege element er òg med. Boka er full av nydelege, poetiske naturskildringar frå Värmland. Personskildringane er også veldig gode. Lagerløf hadde god innsikt i menneskesinnet. Ei bok eg har kosa meg med!