Eg har også denne utgåva, og eg liker denne best fordi Ulleland legg vekt på rytmen framfor enderima. Eg er faktisk imponert over at Ulleland både her og i omsetjinga av "I promessi sposi" klarer å unngå moderne ord. For nokre år sidan prøvde eg meg på ein av songane sjølv, så dersom eg finn at dei linjene som eg gjendikta, kan eg sende dei åt deg - når det no måtte bli.
Viser 2 svar.
Det er kanskje det at jeg er en dårlig nynorskleser.Følte teksten var fremmed for meg, måtte bruke tid på å forstå orda enkelte steder. Kunne jammen vært interessant å lese noe av din oversettelse.
Eg har òg lest Ullelands omsetjing (/gjendikting) av Den Guddommelege komedie og er som deg på mange måtar imponert over arbeidet han har gjort. Er og einig i at det er bra at han har unngått alt for mange moderne ord. Når det er sagt, må eg innrømme at ein del av ordvala hans ikkje falt i smak hjå meg. Til tider kunne det vere ganske vanskeleg for ein uerfaren nynorsklesar å forstå kva han skreiv.. Dette synest eg er synd i og med at Dante skreiv på eit folkeleg mål og at ordvala kan føre til at verket blir meir utilgjengeleg for mange… Men, er uansett svært nøgd med at eg har lest komedien og det er mange scenar frå blant anna inferno eg enno ikkje greier få ut av hovudet..
Eg er forresten imponert over at du har prøvd deg som omsetjar sjølv!