Nei, det er denne kvardagen ... Ja, eg liker dette med språk. Noko av det fine med språk er at ein ikkje treng å kunne absolutt alt for å kommunisere (lese, lytte, snakke og skrive). Eg byrja tidleg, og så har det gått slag i slag. Har ein fyrst teknikken inne og har interesse for kulturen, lærer eg slikt ganske lett. Derimot kan eg ha store problem med meir praktiske ting. Så langt i livet har eg ikkje sett på nederlandsk anna enn når språket har dukka opp heilt tilfeldig, men dette språket burde jo falle lett for oss nordmenn, særleg for dei av oss som har drive med tysk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har óg tenkt at det er ein del teknikk i det å lære seg nye språk, og ein viss språklæringsteknikk har eg inne sidan eg gjekk på tysk hovudfag (som ikkje vart heilt fullført) og sidan eg underviser i språk sjølvsagt. Det er kanskje snakkinga som er det vanskelegaste. Ein ting er å sitte heime med tekstar og grammatikk og ordbok, men for å lære å snakke lyt ein nok tilbringe noko tid i språkområdet. Men som du seier, ein treng ikkje å kunne alt for å kunne kommunisere. Hmm... kanskje eg må bestille meg nokre nederlandsk-bøker no... Har faktisk vore såpass frista på latin også, at eg har ei latinsk-norsk ordbok i hylla. Nåja, takk for inspirasjon i alle fall :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten MüllerMartinmarithcGeir SundetEvaNorahFindusTone SundlandmarvikkisKristine LouiseAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandEmil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesHarald K