Ei diktsamling av Mia Berner? – det må då bli gøy! Du veit ho eldre dama med dei digre raude brillene, ho som hadde så mange elskarar, som ho skreiv om i boka “Fordi det er slik jeg ror”, 81 år gammal, i 2005. No er ho død, og ei samling posthume dikt ligg føre: “Et leskur for vinden”. Dikta (dei fleste av dei, om ikkje anna) vart sett saman på dødsleiet hennar, og har tidlegare stått på trykk i aviser, tidsskrift og bøker. Eit leskur treng me alle når vinden står på. Og det leskuret som Mia Berner har å by på er ikkje av dei verste. Mia Berner har alltid sett meg i godt humør. Og det gjer dikta hennar også.

Mia Berner kastar ikkje vekk tida. Ho tek deg med rett til det veldige, brusande opne havet, slik du finn det på Sørvestlandet, ved Obrestad fyr på Jæren, til ein stad eg sjølv kjenner godt frå mange ferder dit. Næraste øyrike er Shetland:

Det hender noen sene kvelder/her oppe ved fyret/at synsranden mellom hav og himmel/blir snudd opp ned/ Det kunne være himmelens bølger/som slår mot strandens stener/eller havets første stjerne/som glimrer ute ved odden

Ho er åleine her, ser fara etter stokken bli viska vekk i sanden, stansar opp, ho tvingar fram ei ro i kroppen, ho tenkjer på målarinna Kitty Kielland som kom hit år etter år, undrast på: Skal noen noensinne/stå på denne stranden/om bare for en ørliten stund/og tenke/på meg?

I neste avdeling følgjer ei rekkje dikt frå Tjörn, torpet i Sverige der ho levde saman med ektemannen, den finske poeten Pentti Saarikoski, som døydde i 1983. Det er dikt om sakn: Jeg savner ham alltid/når vi er sammen/Men er han borte/langt og lenge/er det savnet/jeg savner

Gjennom desse små tekstane maktar Mia Berner på eit forunderleg vis å bringa denne mannen, denne finske poeten, så nær at han vert lys levande: av ham som sa/at musene i veggen/og skjærebrettets øye/var selskap nok

Eg saksar eit dikt herfrå:

Å sørge over det som har vært/har en grense/Å sørge over det som ikke har vært/er drømmen som forblir/i alt, hos alle, alltid

Samlinga vert avslutta med dikt og notat kring folk og poetar og poesi. Eg tek med endå ein smakebit: Jeg hørte øyenstikkerne/i går kveld/Om syriner/kan man også skrive avhengig av kontekst./Men dikt fra kjøkkenbordet/må du ta skylda for sjøl

Ein stad i boka skriv Mia Berner om dei nakne svaberga ved Obrestad fyr. Her finn ho det “vannet som det går an å drikke, direkte fra øsekaret” – reint, purt. Slik er det med dikta hennar óg.

-- Facts: Samlinga er redigert av Steinar Opstad, som også har skrive etterordet. Grunna dei tekniske tilhøva på bloggen får eg ikkje attgjeve den korrekte linedelinga i Mia Berner sine dikt. Eg gjev helst ikkje terningkast til diktsamlingar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaKirsten LundkntschjrldGroTurid Kalvatn SchøyenIngeborg GDagfinn JakobsenellinoronilleJarlenefertitiJulie StensethTuridmajaAnne Berit GrønbechritaolineAnne-Stine Ruud HusevågLinda RastenHarald KToveThomas Røst StenerudAlice NordliLene AndresenTorTone HEirin EftevandGro-Anita RoenTove Obrestad WøienStein KippersundLars MæhlumHeidi HoltanWenche VargasSolVivaLaLivreReadninggirl30Sigrid NygaardgretemorKristine LouiseLisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaStig T