Eg og las stykket på både norsk og engelsk, og synes at dette er den beste omsettinga (av dei eg har lese så langt). Originalen har eit meir flytande, poetisk språk, men det var fleire partiere eg likte betre på norsk..

Sjølv om eg har sett fleire filmatiseringar og lese fleire bøker som har basert seg på dette stykket, vart eg overraska over kor lite eg tenkte gjennom dette medan eg las. På førehånd hadde eg bestemt meg for å finne minst 3 argument for at stykket ikkje er tidlaust. Eg fann ingen som var nemneverdige..

No som du har lese stykket bør du prøve deg på filmen "Romeo + Juliet" av Baz Luhrmann, den er utruleg bra! =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg likte også omsetjinga godt, leste André Bjerke si. Eg får heilt sikkert med meg meir når eg les på norsk i tillegg, ikkje minst synes eg Bjerke er ein meistar i å omsetje puns og humoristiske innslag. I den utgåva eg har, er det eit føreord der Bjerke skriv om kvifor det han driv med er gjendikting og ikkje omsetjing, og korleis han til dømes var i kontakt med ikkje berre filologar og historikarar men botanikarar og geografar osv i arbeidet sitt. Kjempeinteressant! Elles er det vel Edvard Hoem (Richard III) som har gjort størst inntrykk som gjendiktar ved sidan av Bjerke. Har bestilt Hoems gjendiktingar av MacBeth, Othello og Kong Lear (dei store stykka må eg eige!) og gler meg allereie.

Yepp, lyt nok få med meg den filmen ja!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Nicolai Alexander StyveIngeborg GKarin BergToveritaolineHarald KHanne Kvernmo RyeChristofer GabrielsenKristin_Kjersti SPiippokattaKirsten LundNorahSissel ElisabethIngunn SHilde Merete GjessingAnn ChristinTove Obrestad WøienIreneleserG LMads Leonard HolvikCarine OlsrødBjørn SturødVibekeStig TTor Arne DahlVidar RingstrømLailaJarmo LarsenKari-AnneMarit MogstadAud- HelenTine SundalGladleserCecilieMaikenMarenHilde H HelsethMorten MüllerBjørg Marit Tinholt