Ja eg skjønar godt at du ikkje vert lei, stykket er absolutt gjenlesbart. Stykket passar nok bra på ein ungdommskule. Der er vel elevane i rette alderen for å kunne kjenne seg igjen i karakterane. Sjølv vart eg overraska over kor unge Romeo og Julie er, eg var klar over at dei ikkje var gamle, men eg hadde sett for meg 16-17 år, ikkje 13-14..

Eg og trur Lorenzo er ein klok mann, og han gjer jo sitt beste, men det er vel litt vanskeleg å kunne gripe inn når skjebnen allereie er bestemt for dei to, som vi ser av prologen: "Av disse slekters skjebnesvangre skjød får et par elskende sin levefrist, som stjernene forkorter." Dette viser jo også til dei gamle greske tragediene, som Kong Oidipus, der skjebnen alltid er bestemt, og ikkje kan endrast.

Når det kjem til Tybalt og Mercutio, har eg mest sansen for Mercutio. Han er brautande, men ynskjer ikkje anna enn å vise seg (trur eg), Tybalt er eit anna stykke, han verkar aggressiv og vond. Men Mercutio sitt drap var vel eit uhell frå begge si side? Eg fekk i alle fall inntrykk av det.

Men ein ting eg lurte litt på. Er det ei slags seksuell spenning mellom Lady Capulet og Tybalt? Eller er eg heilt på viddene her?

Ja det kan verke litt urettferdig at Mercutio, som ikkje har noko med striden å gjere, vert offer for den, indirekte på grunn av Romeo, men dette mordet er vel ein slags katalysator for dei neste elendige hendingane.

Ja Julie sin frykt for å fortelje foreldra sanninga er også tragisk, men ho er jo ikkje like fri som Romeo. Er Paris eit dårleg gifte for ho? Personleg synes eg eigentleg at han berre er irriterande. Kvifor er han i det heile på kyrkjegården? Er det berre for å vere endå ein trist skjebne?

Eg synes at Baz Luhrmann sin filmatisering av stykket er svært bra. Handlinga har vorte modernisert, men er samstundes tru mot originalen. Dette viser vel kor tidlaust dramaet kan vere.. "Sukk" no må eg vel sjå denne filmen igjen også ;)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Eg ser òg alltid for meg Romeo og Juliet som minst 16-17 år gamle… Men, i Shakespeares tid var ein vel gifteferdig nokre år før ein er no, så sånn sett passar det at dei to er yngre.

Skjebnen er ein fæl fiende å råke ut for! Som seg hør og bør i ein tragedie vert vi åtvara frå første stund (prologen); dette kjem ikkje til å ende godt!

Tybalt; eg er ikkje sikker på at han er så mannevond som du skal ha det til.. Trass alt er det hans familie som først blir fornærma, sidan Romeo, Mercutio og gjengen deira kjem ubedt på familien Capulets fest. Men; han er framstilt mindre sympatisk enn resten av karakterane, det har du rett i. Drapet på Mercutio trur eg òg var eit uhell, hadde ikkje Romeo kome mellom dei to kamphanane kunne det gått annleis.

Eg har ikkje merka nokon seksuell spenning mellom Tybalt og tanta hans; kanskje eg må lese stykket enno ein gong? I filmen Romeo+Juliet verka Fru Capulet ganske seksualisert, men i stykket får eg meir inntrykk av at sinnet hennes mot Romeo er der på grunn av at ein slektning, som ho var glad i, er død…

Uten Mercutios død, ingen tragedie… Er eining i at mordet er ein katalysator.

Stakkar Paris; han framstillast som ein fjott som ikkje skjøner noko som helst. Han vil jo berre ha vakre Juliet til kone, ingenting veit han om dramaet som utspeler seg bak hans rygg. Han blir framstilt som snill, men godtruande. Om han hadde overlevd, ville han nok vorte ein god ektemann for ei eller anna dame. Trur han er på kyrkjegarden fordi han faktisk sørgjer over at Juliet er død; ho skulle jo gifte seg med han… Men; Shakespeare får ved Paris sin tilstedeværing på kyrkjegarden enno eit tragisk dødsfall å pryde tragedien med.

Eg har stor sans for Luhrmanns Romeo+Juliet - så utruleg bra at det originale språket og handlinga er så godt tatt vare på! Eg likar òg at regissøren gjer ein del grep som passar inn med originalen, som til dømes å kalle pistolmerket som nyttast ”sword” – fiffig. Når det er sagt sett eg òg pris på Franco Zeffirellis 1968-versjon av stykket. Han nytta ukjente skodespelarar i dei berande rollande og resultatet er ein svært gripande film. Her er eit klipp frå balkongscena, om du er interessert .

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg skreiv tidlegare ein teori om at Romeo var gamal (eldre enn Julie) Vi får vel ikkje vite kor gamal han er, eller?

Prologen passar i grunnen ganske godt. Den viser oss at dette er ei tragedie, til tross for all humoren ein kan spore i byrjinga. Humoren henger vel i grunnen med gjennom heile stykket, sjølv om den endrar form frå "komediehumor" til galgenhumor (tragi-komisk?). Det er jo i grunnen litt komisk med broder Lorenzo som skal ordne opp, kjem for seint, også går han heim..

Eg trekker tilbake det eg skreiv om Fru Capulet sin seksualitet, det var nok minner frå filmen - der ho er veldig seksuell ;)

Kan hende at Tybalt ikkje er så mannevond, men han er i alle fall mindre sympatisk enn til dømes Benvolio som truleg er den mest reflekterte av karakterane i stykket.

Forresten har du tankar om kvifor Capulet godtek at Montague-gutane er tilstades på festen hans. Er han brisen? Tenkjer han på åtvaringa frå fyrsten? Eller ynskjer han ikkje å øydelegge ein vellukka fest?

Paris er ein fjott! Men han er nok snill og godtruande. Han hadde heilt sikkert vore eit betre gifte for Julie enn Romeo.. Trur du karakteren Paris har noko å gjere med Illiadens Paris?

Hehe eg såg klippet du linka. Det var grusam overperformance, etter mitt syn, sjølv om eg ikkje høyrte kva dei sa. Likte kommentaren: "wow romeo was a very horny guy lol" ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ifølge allmektige Wikipedia er Romeo 16 år, men husker ikke hvorvidt dette ble nevnt eller antydet i selve stykket.

Jeg leste forøvrig Tybalt som mannevond, en slu, slesk og hissig fyr, men kanskje legger jeg mer i karakteren enn vi får vite. Nåvel, vi kan ihvertfall si han er en skurk i narrativ forstand, som Romeos nemesis. Og er han ikke den som er mest hyppig på å egge frem fiendeskap mellom de to familiene? Hm, men navnet hans tror jeg er det som overbeviser meg mest, det er mørkhjertet i seg selv, bare lyden av det - Tybalt Tybalt Tybalt . . .

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tenkte på Paris frå Illiaden då eg las. Ein vakker og naiv unggut, men elles har dei vel ikkje så mye felles. Fekk ikkje fløytepusen Orlando Bloom frå Troy ut av hovudet då eg las om vår Paris og eg er redd det farga tolkinga mi (eg har meir sansen for Eric Bana :)). Men eg ser ikkje bort frå at det er ein samanheng her med det Anja skriv under her. Kanskje har planta Truelove fått namnet sitt frå den antikke Paris til å begynne med?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei, vi får vel ikkje vite alderen til Romeo.. Kanskje er han litt eldre enn Juliet, men etter oppførsla hans å rekne kan han ikkje vere så mykje gamlare, eller?

Er einig i at Benvolio er meir reflektert enn dei fleste andre i stykket. Hans rolle er ikkje stor, men han kjem med fleire intelligente og frampeikande kommentarar.

Det er vanskeleg å seie kvifor Capulet godtek at Romeo og vennane hans er tilstades på festen. Mi tolking er at han er i så godt humør at det slett ikkje gjer noko. I tillegg er han vaksnare enn hovudkarakterane; truleg tek ungdommane feida meir alvorleg enn kva foreldra deira gjer…

Eg sjekka litt på nett, og dette fann eg ut om Paris:

Paris quadrifolia is an herb ubiquitous to England and much of Europe. Its common names include Truelove and True Lover's Knot due to its intricate growth patterns. During Shakespeare's time, Truelove was a common poetic conceit for true love [1]. The Count Paris' name cannot be a coincidence. Shakespeare chose the scientific name of the Truelove to indicate that this man is Juliet's true love. His death at the hands of the impetuous Romeo is but one more tragedy in this tale. (http://en.wikipedia.org/wiki/Count_Paris)

Ups; eg sjekka ikkje om linken var av god kvalitet, sidan eg har dvd’en til disposisjon. Eg synst Zeffirellis film er ganske søt, eg. Kommentarane såg eg slett ikkje på; godt at du let deg more ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om Shakespeare faktisk har meint at Julie sin "true love" er Paris, og at dei kunne leve lukklege alle sine dagar, om ikkje Julie hadde drepe seg pga flørten Romeo,synes at dette vitnar om ein ganske så svart humor. =)

Eg føler at alle dei mannlege karakterane i stykket, med untak av Benvolio, verkar ganske så blodtørstige. Men nei det er nok ikkje godt å vite korleis Capulet tenkjer når han let Montague gutane vere att..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Paris er jo ein viktig person dramaturgisk. Det framskunda giftermålet set eit voldsomt tidspress på framdrifta i handlinga og denne mangelen på tid er noko av det som fører til tragedien. Viss ikkje Romeo og Juliet måtte skunde seg og gifte seg og tilbringe ei natt saman, hadde dei hatt tid til å planlegge enten forsoning med foreldra eller rømming saman. Synes tidstematikken er nydeleg framstilt i akt 3, scene 1, der Romeo og Julie diskuterer om det er nattergalen eller lerka dei høyrer. Romeo må skunde seg å rømme etter forvisninga, Juliet må skunde seg å ta sovedrikk før bryllaupet og dessverre skundar Romeo seg med å ta sitt eige liv før Juliet vaknar. At Paris kjem til kyrkjegarden på slutten gjev, om ikkje anna, Shakespeare eit høve til å runde av tragedien på ein måte som gjer inntrykk. I same grava ligg dei fleste hovudpersonane, Romeo, Juliet, Tybalt og Paris. Elegant!

Eg er einig i at det nok er drapet på Mercutio som er vendepunktet i stykket. Fram til tredje akt er stykket meir komedie enn tragedie og opptakten til dette ligg i Benvolio sin replikk heit i begynnelsen av akt 3:

For now, these hot days, is the mad blood stirring.

Her åtvarer den fornuftige Benvolio om kva som kan/skal skje, og eg ser for meg dei tørre, varme, folketome gatene I Verona der noko kjem til å hende…

Tybalt oppfattar eg rett og slett som ein hissigpropp, ikkje nødvendigvis ein ondskapsfull mann, men eit produkt av feiden mellom familiane og det mannsbiletet alle mennene i stykket lyt rette seg etter. Dette er vendetta, og da blir det forventa at fiendar gyv laus på kvarandre. Tybalt er ein enkel mann som let seg leie av dette, mens Benvolio tenkjer litt lenger og prøver å roe gemytta. Det er ei veldig maskulin verd dei lever i, og når dei to tenarane Gregorio og Samson er ute, meir eller mindre for å yppe til bråk, antyder dei jo og at dei er villige til å la feiden gå ut over kvinnene i familiane:

Samson: Sant nok: Kvinnen er svakest; derfor ligger hun alltid under. Følgelig vil jeg vise Montagues menn at jeg er dem overlegen – og underlegge meg jentene hans.

(…)

Samson: Når jeg har dengt mennene, skal eg felle dom over jentene.

Gregorio: Felle dom?

Samson: Felle dom over jomfruene, ja – eller felle dom over jomfudommen. Det blir som du tar det; det er en smaksak.

Akt 1, scene 1.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethPiippokattaAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardKirsten LundSigrid Blytt TøsdalSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterToveBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakim