Dette nummeret av Agora handlar om italiensk filosofi; Antonio Gramsci – og aktualiteten hans – er no så vidt nemnd, heldigvis, og gir Ragnar Braastad Myklebust, som har skrive forordet, rett i at det har skjedd ei nyorientering innanfor Gramsci-tradisjonen i Italia, og det er denne utviklinga som heftet tydeleg illustrerer. Men ikkje å gå tilbake til Togliatti og også vurdere aktualieten hans synest er overraskande. For bokelskarar bør absolutt Luigi Pareysons essay “Lesning og utførelse” studerast grundig; det er om møtet mellom lesar og kunstverk og “fortolkerens dobbelte bevissthet”. Pareyson blir studert grundigare i ein lesverdig artikkel av Jens Viggo Nielsen, “Luigi Pareyson og eksistensialismen”. Eg blir glad for å bli opplyst – i Augusto Ponzio og Susan Petrillis “Semioetikk, bioetikk og etikk som førstefilosofi” – at Roman Jakobson “omformulerte Terents’ utsagn ‘homo sum et nihil umani a me alienum puto’ til ‘linguista sum et nihil linguisticae a me alienum puto’”. Slik skal det vere!. Elles skriv Cristina Corradi om “Marxismenes historie i Italia” – ja, slik er det i Italia - og Mårten Björk om ”Kommunism och antipolitik. Utvägar och flyktforsök från kapitalets reella underordning”, utan at eg skal seie meg einig i eitt og alt. Og her er endå meir tankesnadder. Ein får utvida horisonten og brynt seg – det er mykje som går føre seg intellektuelt sør for Alpane!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeCamillaSynnøve H HoelCathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndrea