Det kan diskuterast om dette er skjønnlitteratur eller ei sakprosabok, sjølv kallar Wencke Mühleisen boka ”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” for ”nedtegnelser”. Ho skriv om mora si siste levetid, dødsleiet og tida etter dødsfallet, nært, tett på, detaljert. Men samstundes er nedteikningane heldt i ein skjønnlitterær stil som hjelper til med å skapa den avstanden både forfattar og lesar har bruk for. Såleis vert innhaldet løfta frå det reint private til det allmenne.

Så å seia alle menneske vil før eller sidan oppleva å missa eit menneske som står dei nær – ei mor eller ein far, ektefelle eller søsken. Wencke Mühleisen skildrar dødsprosessen på stundom ubehageleg nært hald, nake og brutalt. Det er vondt å sjå nokon døy, det er vondt å døy, det er skremmande.

”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” er Wencke Mühleisen si historie om si eiga mor sin død. Dei har levd så ulike liv, under ulike vilkår. Boka er såleis ei forteljing om freistnadene på å forstå, om kjensla av å ikkje strekkja til, om avstand og nærleik. Om ønskjet om å få behalda ein siste rest av verdigheit, utan at det kan oppfyllast.

Nokre kritikarar har samanlikna Wencke Mühleisen med Knausgård. Og det kan ein forstå. Her er mykje av den same nærgåande personlege skildringa. Boka byggjer på Wencke Mühleisen sine eigne tankar og refleksjonar kringa mora si død som ho skreiv i ei dagboka medan ho sat ved sjukesenga. Ein kan såleis diskutera om boka er ein biografi eller ein roman.

”Jeg skulle ha løftet deg varsomt over” teiknar ikkje noko einsidig heroiserande portrett av mora. Samstundes kjenner ho korleis mora si død utløyser eit skred av ømheit i henne. Ho skulle óg gjerne vore som ei mor for mor si no, i denne vanskelege prosessen, for å gjera overgangen til døden mildare: "... da tar jeg deg bare i favn og løfter deg varsomt over."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

... Og hun tegner heller ikke noe heroiserende bilde av seg selv eller de andre pårørende - som pårørende. Modig gjort dette, og godt gjort.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKoriander