Jeg forguder The Black Dagger Brotherhood, og denne boka er hittil beste i serien. Den var bare så utrolig fin. Synes også den var ganske anerledes enn de andre bøkene i serien, anerledes på en positiv måte. Den var litt sår og mange følelser i både meg og boka svirret. Phury(hovedkarakteren i denne boka) som setter alt og alle foran seg selv, men ender alltid opp med å svikte sine nærmeste i hans tro om å gjøre det beste. Og bare det at Phury endelig greide å komme seg over avhengigheten og ordnet opp med seg selv, gjorde meg så glad. En soleklar sekser.
Viser 1 svar.
For min del er det enno historia om Zsadist som scorar høgst mellom desse bøkene - i forteljinga om Phury vart eg nokre gonger nesten irritert over alt det såre og vanskelege, på same tid som det kunne bli overskygga av alle reisene til "the other side". Nei, enten overnaturleg eller menneskeleg - begge deler blir for mykje.
Lover Enshrined handlar om Phury, tvillingbroren til Zsadist som var hovudpersonen i tredje bok. Livet hans dreier seg i all hovudsak om broren, og har alltid gjort det. Etterkvart som broren treng han mindre og mindre tek "the red smoke" opp meir av tida hans - me har å gjera med ein narkoman vampyr i denne boki. Og ikkje nok med det: i sitt einspora tilvere har han lovd sølibat, og er dermed jomfru i det han tek på seg oppgåva som "primale" for vampyrrasen - og skal besvangra opp til 40 "Chosen ones"... Desverre, eller heldigvis, viser det seg at ei av desse er Cormia, som kjem til å bety litt meir for Phury enn dei andre 39. Vel var det element tidlegare i serien som peikte mot absurditetane me her møter - særleg i historia om Rhage - men no byrjar det å ta av med det overnaturlege. Me høyrer både om sonen til The Omega og dotter til The Scribe Virgin, og ein del av dei tidlegare heltane i serien kjem i bakgrunnen. Men på same tid vert nye og sympatiske karakterar introdusert, og eg er hekta...
De kan lesa om kva eg har meint om resten av bøkene i serien her