Eg eige ikkje så veeeldi mange bøker enda, mykje på grunn av økonomi, og litt på grunn av plassmangel. Eg og sambuaren min bur i ei 60 kv. leilegheit, og han likar ikkje bøker:S Han har ingenting i mot at eg les eller likar dei, men han er ikkje så glad i at dei tar så stor plass. :(:( Men dei bøkene eg har blir tatt veldig godt vare på, og eg har strenge reglar dersom folk vil låne dei. Dei står i bokhyller rundt omkring i stova, på trygg avstand frå katten vår:) Eg får fnatt om ei bok blir levert tilbake med ein flekk, og krev ny om det er komt rift eller eseløyre i den, ein kan vel kanskje kalle meg litt nazi på bøker;) Bøker er noko av det viktigaste i mitt liv, og ein heim utan bøker framstår for meg som ein kald og fantasilaus plass. Mine barn (når dei kjem) skal ha romma fulle av bøker, og eg skal lære dei at bøker er mykje betre enn mange (desverre) trur.
Tips: Til dei som likar å lese om religionar, eller berre vil eige ein Bibel/Koran eller whatever anbefalar eg å melde seg inn i Bokklubbens "Hellige Skrifter". Nyyyydelige bøker, kan godt settast fram som pynt;) Obs. her får du ALLE religionar, store som små, nye som gamle, og også utdødde religionar:) Eg har f.eks bøkene Voluspå og I Begynnelsen (I Begynnelsen er ei bok som har samla alle fortellingane om korleis verda vart til, frå alle mogelege slags religionar), og er kjempefornøgd.
Viser 2 svar.
Eg er med på å anbefale Bokklubben "Verdens hellige skrifter". Flotte bøker! Likar godt at det er eit innleiande essay til kvar av bøkene, der ein fagperson har skrive bakgrunnsstoff og historikk.
Enig ! Bokklubben "Hellige Skrifter" har virkelig NYDELIGE bøker !!!