”Jack og Fables” er ein spin-off til den meir kjende serien ”Fables” med Jack (som i Jack og bønnestengelen) i hovudrolla. Han er det ein kan kalle ein typisk antihelt, med sine narsissistiske og skruppellause haldningar, og det kan verke som dei einaste måla hans er å ligge med flest mogleg og bli rik. For å oppnå dette går han ikkje av vegen for å dolke sine venner eller elskarar i ryggen. Likevel brukar dei fleste planane hans å slå tilbake på han til slutt. Ein kan seie at det er ganske mykje meir svart humor i denne serien enn i Fables.

Serien presenterer også ei rekkje nye overnaturlege skapningar, som vert kalla ”literals”, og er personifikasjonar av språklege verkemiddel og sjangrar . Jack vert til dømes god venn med ” the Pathetic Fallacy” som er ein personifikasjon av antropomorfisme (besjeling), og Deus Ex Machina (Dex) dukkar tidvis opp og reddar dagen når alt ser som svartast ut. Vi støyter også på sjangerpersonifikasjonar som Fantasy, Blockbuster og Noir.

For ein litteraturstudent som er glad i språklege verkemiddel, var det ganske artig å sjå korleis desse vart framstilt med menneskelege eigenskapar. Eg var i byrjinga litt skeptisk til serien, sidan eg er utrulig glad i ”Fables” og var redd for at denne skulle øydelegge, men alt i alt synes eg at det var ein solid serie med mykje bra plot og humor i seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

[ Slettet av bruker ]

Sist sett

Tone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud Kvisten