Her var det mange bra svar før meg, men eg prøver meg likevel på eit lite bidrag.

Heilt i starten av min "bokelskerkarriere", var det det å finne og legge inn bøker eg hadde størst glede av, eg synes det var utruleg artig å kunne leite rundt, finne bøker eg hadde lese, og etterkvart oppdage at eg faktisk hadde lese ei ganske så stor mengde bøker. Eg vart gira på å lese fleire - mange fleire!

Då bokhyllene var "fylt opp", starta eg å sjå litt nøyare på diskusjonane. Eg ville prøve å forstå korleis bokelskarane vendte seg mot kvarandre og kartlegge kven som vart sett på som "eliten" her inne. Så byrja eg å skrive innlegg sjølv, og brått hadde eg fått mi første stjerne. Dette synes eg var veldig stas og eg måtte sjølvsagt vise den til sambuaren min, som ikkje vart imponert.. "Har du lyst på fleire?", "JA!" sa eg, og brått hadde eg 7 stjerner, dette førte til ei lita glede, men eg byrja også å skamme meg litt, og måtte be om å få desse fjerna. Det var nemleg mykje meir stas å ha ei stjerne som eg hadde fortjent enn 7, der 6 var røva til seg ved juks!

Etter dette hadde eg ein periode der eg debaterte ivrig i håp om å vinne andre bokelskere sin gunst, for å nå målet eg hadde lagt meg, på 50 stjerner. Men då dette målet var oppfylt, etter mange, lange månader, fann eg ut at det eigentleg ikkje var så viktig for meg å få stjerner.

No har eg etter lang tid her på bokelskere (utruleg nok) fått ganske mange stjerner. Desse vil eg først og fremst få lov til å takke for - "takk". Det er alltid kjekt å få ros for noko ein skriv, sjølv om det i det store og det heile er gleda over å drøfte det som opptek meg, som eg ser på som den viktigaste delen av bokelskere.

Eg trudde i grunnen at det å få stjerner ikkje betydde noko særleg, utover at det er litt kjekt, men etter ein episode på byen, der eg kom i prat med ein annan litteraturentusiast, har eg stillt spørsmål ved dette. Vedkommande anbefalte denne sida til meg. Eg fortalte sjølvsagt at eg allereie var medlem. Han spurte kva eg kalla meg, og etter å ha svart, kom eg med det arrogante svaret "Du finner meg på stjernetoppen". Dette er eit svar eg har skamma meg over i lang tid, og eg kan vel ikkje anna enn å skulde på raudvinen!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Eg har ei syster som nesten aldri har vore her inne, men som har gitt meg to stjerner. Eg òg ba ho slute, det er jo ikkje artig med stjerner om ein slett ikkje fortener dei!

Når det er sagt, blir eg svært glad når eg får ei stjerne. Bøker har alltid vore ein stor del av livet mitt og eg er overlukkeleg over å ha funne denne nettstaden. Her kan eg lese det andre seier om bøker og lesing, og kommentere om eg vil. Det varmar når andre bokelskere liker det eg skriv og kjem med positive tilbakemeldingar ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ha ha. Det hadde jeg ikke trodd om deg. Heldigvis er vi ikke supermennesker som fyker avgårde uten påvirkning fra andre. Det er alltid kjekt med ros, og jeg har forståelse for at du soler deg i stjerneglansen oppe blant eliten;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No vart eg litt lysten på å høyre kva det var du ikkje hadde trudd om meg.

Ros er alltid bra, og soling i stjerneglans er heller ikkje å forrakte. Du burde prøve det ein dag =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

At du var en sånn sjøldigger, hehe. Skryter av stjerner og koser deg i glansen;) Dessverre når jeg ikke helt opp enda, men lever i håpet. Har begynt å rose, og gir stjerner til (nesten) alt som er positivt:)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har vore anklaga for narsissisme ved fleire høver, men prøver å bli litt meir "vaksen". Trur det går fremover, det er i alle fall lenge sidan eg drukna i mitt eige speglbilete!

Lukke til med stjernesankinga =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som tidliger sagt, det hadde jeg ikke trodd. Mulig det er profilbildet ditt som lyver litt. Ser ikke så veldig selvopptatt ut der, bare litt ung, oppgitt og i egne tanker. Ved å velge riktig profilbilde skaper en en visjon.

Forøvrig ikke mange smilende menn på bilder her. Mulig litt feminint å smile evt useriøst;) Ser en litt småsur ut på bildet og i tillegg strør om seg med litterære gullkorn blir en tatt alvorlig. Et fjollete smil ville ødelagt litt for imaget.

Takk, nå var det stjernegiving jeg skulle satse på. Mangler noen hundre stjerner for å nå topp 15. Blir som ved lønnsforhøyelser, kommer aldri til å ta igjen dem som er på topp, de rykker stadig i fra:(

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

MartineDemeterElin FjellheimIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNinaHeidiHarald AndersenPerSpelemannLars MæhlumTine SundalTanteMamie