Absolutt! Likte skodespelet svært godt! Racines bruk av klassiske figurar og mytologi fungerte bra. Sette òg pris på temaet; ikkje berre gjerningar, men sjølv tankar kan føre ein person ut i ulykka. Stakkar Hippolytos, han fekk ein ublid og særs ufortent skjebne..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Bruk av klassiske figurar og mytologi er alltid ein suksess, etter mitt syn! Eg likar også det at Racine teke oppigjen den greske tragedien sin formell, som går ut på at lagnaden (hugsar ikkje heilt fagterminologien her) er forutbestemt, og at denne ikkje kan endrast. I motsetnad til Titus Andronicus, er dette stykket eit skikkeleg stykke tragedie, som verkeleg gjev rom for katarsis. =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det er ikkje tvil om at Fedra er ein tragedie. Men trass alt; ingen av figurane i stykket går gjennom katarsis (rensels) for så å komme heilskinna ut den andre enden. Dei som lyg må betale, men det må jamvel dei som teier òg. Den einaste som står att til slut er Tesevs, og han er vel ikkje akkurat nokon mønsterborgar…

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men Anja, kjære deg, det er jo ikkje figurane i stykket som skal gå gjennom katarsis, det er jo vi som tilskodarar/lesarar. Eller har eg forstått heilt feil? Er ikkje katarsis det å få sterke sympatiske følelsar for ein tragisk karakter, for så, etter at stykket er over, glede seg over at det ikkje er deg det har gått gale med?

Men enig med deg i at moralen i stykket er flott!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I dette høvet er det nok eg som er på ville vegar ;) Men, i så fall, er Titus.. ein ekte tragedie; eg fekk sympati for fleire av karakterane og takka lykka for at det ikkje var eg som opplevde slik vondskap ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mulig jeg ikke burde opplate min røst så sent på natten, men når jeg nå først har logget meg på før jeg finner køya: Er ikke katarsis = renselse, da? Sånn à la den renselsen som sjelene gjennomgår i skjærsilden, for å bli rene og slippe inn i paradiset? ("Med ondt skal ondt fordrives" i n'te potens?)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jo, katarsis var vel noe tilskuerne skulle føle/oppleve, også slik at de tok avstand fra det som utspant seg på scenen (som f.eks. incest i Kong Oidipus, for å ta et kjent eksempel).
Altså å bli renset og "kurert", og ikke gå hjem og gjøre likeså.

Nå fikk jeg forresten lyst til å lese Fedra igjen, selv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Kirsten LundPiippokattaChristofferTrude OmaMartineTjommiHarald KPer Åge SerigstadLars MæhlumTor Arne DahlBerit RBjørg  FrøysaaNicolai Alexander StyveIngeborg GKarin BergToveritaolineHanne Kvernmo RyeChristofer GabrielsenKristin_Kjersti SNorahSissel ElisabethIngunn SHilde Merete GjessingAnn ChristinTove Obrestad WøienIreneleserG LMads Leonard HolvikCarine OlsrødBjørn SturødVibekeStig TVidar RingstrømLailaJarmo LarsenKari-AnneMarit Mogstad