Er no snart ferdig med stykket på både norsk og engelsk, og i motsetnad til, for eksempel, the Tempest, der eg synes omsetjinga var vel så god som orginalen, var denne omsetjinga skuffande svak.
Eg synes Titus Andronicus, er eit bra stykke, og eg kan skimte fleire uferdige skisser, på seinare karakterar.
Dette er jo ei tragedie, men eg synes ikkje at Shakespeare heilt klarer å vekke min sympati for nokon av karakterane, korkje Titus sjølv eller hans datter Lavinia. Stykket har altså manglande sympatisuggesjon!
Eg er usikker på om dette har med språket å gjere, karakterane viser jo liten sympati overfor kvarandre, som Karamella viser til i sitt innlegg (sjå under), der Marcus skildrar Lavinias lemlestelse med poetisk malte ord fremfor å hjelpe ho, eller om det rett og slett er karakterane som ikkje heilt når opp til dei store tragiske heltane, som Oidipus, Othello og Phaedra.
På den måten synes eg ikkje at Shakespeare klarer å oppfylle tragediens mål, som er, viss eg huskar Aristoteles riktig, Katarsis ("renselse").
Eg hadde også litt problem med å finne ut kva for ein karakter eg likte best. Eg trur kanskje at det må vere Tamora, ho er sikkert ikkje så grei å ha med å gjere, men ho får i alle fall fart på sakene =)
Viser 4 svar.
Mitt litterære innspill på Shakespearefronten vil nok begrense seg til dette. Jeg har kun lest Romeo og Julie og deler av Hamlet i skolesammenheng. Grunnen til at jeg allikevel skriver dette er fordi jeg synes du skriver godt og klargjørende om dette for meg ukjente stykket. Til tross for at jeg ikke leser litteraturen er det veldig interessant å følge med på diskujonen:) Lykke til videre!
Takk, takk, det var hyggelege ord. =) Også er det sjølvsagt berre å hengje seg på lesinga om du får lyst, alltid kjekt å vere fleire! Neste veke skal me lese "Taming of the Shrew ", denne har eg ikkje høyrt om så det skal verte spenande. Det er altså ei komedie..
Jeg falt pladask for Titus da han kappet av hånden for å redde sine to sønner, vel, huff, det var ihvertfall det han håpet ville skje.
Eg hadde ei stund som mål å lese alle Shakespeare-stykka på både norsk og engelsk. Dette har eg gått bort frå, sidan eg vil lese anna litteratur innimellom òg. Synd at du meiner omsetjinga var svak, men i så fall er eg glad eg nøyde meg med den engelske utgåva denne gongen.
Sidan Titus Andronicus truleg var Shakespeares første tragedie, er det ikkje rart om den store diktaren ved seinare høve tok fram nokre liknande karakterar igjen. Trass alt; med alder og erfaring utvikla truleg sjølv Shakespeare seg… Han var vel berre eit menneske og ville kanskje vidareutvikle og modifisere ting han hadde skrive da han var yngre?
Nei, du har rett i at klinisk lesing av sjølve stykket ikkje borgar for særleg sympati for karakterane, til det er dei rett og slett for karikerte og/eller eindimensjonale. Når eg kjenner sympati,er det fordi eg ser for meg det som skjer og lever meg inn i meir enn orda eg les (ah, den som hadde vore regissør!).
Av Aristoteles’ katarsis er det lite å finne i dette stykket; her er det hemn og atter hemn, utan stopp, som gjeld. Titus er slett ikkje, etter mitt syn, ein klassisk helt, men han blir i mine auge utsett for urett i og med at Tamoras hemn er ein smule… overveldande. Difor kan kanskje Titus oppfattast som ein slags helt; han må utslette denne forferdelege og hemngjerrige kvinna!
Er einig i at Tamora er ein karakter ein festar seg ved; ho driv historia framover og er kanskje den eigentlege hovudpersonen?