Tenk å få Bokklubbens antologi om romersk religion to dagar før avreise til Roma, då!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 6 svar.

God tur til Roma, det er en fantastisk by som jeg garantert skal tilbake til.Og romersk religion passet jo som hånd i hanske som forberedelser til reisen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tilbake til Roma, ja: Her hos meg har vi reist tilbake til Roma fire gonger; det hjelper nemleg å kaste mynt i Fontana di Trevi. Denne gongen hadde eg altså med "Romersk religion" - eg trur nok at moderne forskarar, som det blir vist til i forordet, har rett i at romersk religion er spenstigare og meir fleksibel enn mange meinte før, men tekstutvalet gir likevel god dekning for tradisjonelle oppfatningar om at det regelbundne stod sterkt. Her i boka møter vi tekster av Cicero, Ovid, Plutark, Cato, Augustin og andre - fyrst og fremst Vergil. Godt at vi har Egil Kraggeruds gjendikting å ause av! Mn utgivarane har, kanskje for å spare plass, trykt Vergil delvis som prosatekst, utan omsyn til at Kraggerud har prøvd å få fram Vergils versemål, og då blir lesinga kronglete når vi møter inversjonar i prosatekster. Bortsett frå dette - og at omsetjarane både bøyer norske verb feil og feilaktig bruker "*Dere" som høfleg pronomenform i staden for "De" - byr utgåva på få irritasjonsmoment. Derfor er det berre å nyte tekstene, som handlar om generelle oversyn og karakteristikkar, om historie og mytar, teikntyding, spådomskunst, heilage stader og heilgdomar, kalenderar, presteskap og mykje anna, m.a. eit utal ritual, bøner og hymnar. Særleg interessant var det å lese Mithras-tekster fordi vi var i restane av Mithras-tempelet under San Clemente-kyrkja. Jo, antologien med romersk religion gjorde opphaldet endå rikare!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så flott,fire ganger! Ja en blir vel aldri''ferdig''med Roma.Leser du selv latin? Da må det jo være ekstra interessant på alle måter. Eller må en bare stole på oversetterne,men min ringe kunnskap sier meg at Erik Kraggeruds oversettelser er bra .Har boka Med dikterne i Augustus Roma, den prøver jeg stadig å lese litt i.Regner med det er deg som står bl.andre i Tabula Gratulatoria.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg driv med latin, ja, og har ein liten eksamen. Ein Roma-tur med "Med dikterne ...", der eg står oppført som gratulant, hører med til planane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fint å lese og bli kjent med romernes utallige guder. Det er utrolig mye kultur innenfor Romas bymurer.
God tur til Roma!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det skal vere sikkert og visst! Denne gongen var vi i San Clemente, Museo di Roma (flott utstilling med måleri som viste il Risogrimento), Sant'Andrea della Valle og The Keats-Shelley House av nye plassar - i tillegg til repriseturar til koselege stader. Og så går bokelskarar i bokhandlarar, då - kjøpte Roma-fararane Keats og Shelley og dei lokale Gramsci, Fo og Tabucchi. Og er i gang med å planleggje neste tur ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdallillianerSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleAnn ChristinEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKjell PMads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeThomas KihlmanDolly DuckWencheRune U. FurbergTonesiljehusmor