Boka om Toscas Roma nådde fram til postkassa to dagar før eg reiste til Roma på haustferie. Eg hadde koseleg nok reisefølgje som eg hadde, men denne boka vil om operaen Tosca (og skodespelet som librettoen byggjer på) kom til å setje ein ekstra spiss på opphaldet. Forfattaren går svært detaljert om emnet: forholdet mellom skodespelet og librettoen, korleis musikken underbyggjer tematikken og ikkje minst sentrale trekk ved italiensk historie i lys av operaen - og omvendt. Det er ikkje måte på kva forfattaren tek med i (den litt rotete - nettopp pga. detaljplanet) framstillinga; som eksempel nemner eg temperaturforholda i Roma den dagen handlinga utspeler seg. Dette blir litt som då ein turist i Gudbrandsdalen hadde spurd kvar Kristin Lavransdatter var gravlagd. Men likevel: Besøk i Sant'Andrea della Valle, Palazzo Fanese og Castel Sant'Angelo og opplevingar av operaen "Tosca" blir noko anna no som eg har Vandiver Nicasios bok!