Utstillinga i 2008 på Blaafarveværket har ein katalog somviser Adolph Tidemand og Hans Fredrik Gude saman med Sveriges svar på dei to: Marcus Larson og Kilian Zoll. Velskrivne essay av Tore Næss, Magne Malmanger og Marit Ingeborg Lange gir verdifull kunnskap om kunstnarar og kunstverk. På denne måten lærer vi å sjå måleri som "Brudefærden i Hardanger" i eit utvida perspektiv. Og så godt å møte dei to svenskane, då!