Romanen ” T.S. Spivets utvalgte verker” er ei bok du garantert ikkje har lese maken til. Ganske enkelt fordi ei slik bok knapt nok er skrive før. Det er ei stor bok, ei spanande bok – full av fotnoter og teikninger – og ikkje minst kart. Pluss ei medrivande forteljing. Kva meir kan ein be om?

Vår guide gjennom boka, Tecumseh Sparrow Spivet (av finsk avstamning) – son av ein rancheigar i Montana, med ein CV som lett ville ha skaffa han plass på eit kva som helst universitet om det ikkje hadde vore for at han berre er tolv år gammal - er eit naturtalent innan feltet kartografi. Men han er også nærast spesialist på ei rekkje andre område, som entomologi, anatomi, McDonald’s, indiansk folklore og ei eiga evne til å oppfatta kva vaksne tenkjer. Mor hans, som berre går under namnet Dr. Claire, er spesialist på insekter og biller. Faren sit helst og ser på gamle cowboyfilmar. Broren Layton er død etter ei skyteulukke året før.

Så ein dag vert livet snudd opp ned for tolv år gamle Tecumseh. Det er frå Smithsonian Institute i Washington DC, som har ei ærefull melding til unge og geniale T.S. Spivet: Han har vunne den prestisjetunge Baird-prisen. Ein kollega av moren har sendt inn nokre av den unge guten sine talentfulle teikningar av biller. Og instituttet vil no heidra det dei trur er ein vaksen mann.

Dermed legg T.S. i veg tvers gjennom Amerika – åleine. Han sniker seg om bord på eit godstog, og det tek ikkje lange stunda før eventyret byrjar. Alt han ser og opplever vert omhyggeleg nedteikna i form av kart, diagrammer og illustrasjonar. Samstundes vert lesaren teke med på ei anna reise. I bagasjen har han mora sine notatbøker som han raska med seg då han stakk heimefrå. Her finn han forteljinga om sine eigne forfedrar og deira ferd mot vest for lenge sidan.

Det spesielle ved denne boka er utforminga og måten historia vert formidla på. I tillegg til å vera ein tradisjonell roman i eg-form, er boka stappande full av notat i margen, teikningar og skisser, bilete, skilt… og ikkje minst kart, enkle kart og avanserte kart. Maken til bok har du aldri heldt i handa.

Den amerikanske forfattaren Reif Larsen har gjort internasjonal suksess med denne historia om ein tolv år gammal kartteiknar på loffen gjennom Amerika. Reif Larsen er tredje generasjons norsk innvandrar – bestefaren hans segla til New York frå Trondheim under andre verdskrigen.

Ei høgst original, medrivande og sjarmerande bok!

Reif Larsen: T.S. Spivets utvalgte verker. Omsett av Tore Aurstad

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliStig THarald KNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAva