Utan tvil: Ei av dei vanskelegaste bøkene å trengje inn i av dei mange tusen bøkene som eg har lese. Men motstand kan avle innsikt; ein får ikkje kunnskap gratis, ikkje om djupare ting, i alle fall. Ingemund T. Askeland har gjort ein kjempejobb med å omsetje tekster frå gresk til norsk. Ofte kan det vere vanskeleg å vite kva system det er i terminologien hans, dvs. kva dei ulike omgrepa på norsk svarar til på gresk, men med ordlista bak i boka burde dette kunne gå. Askeland bruker som regel gode, heimlege ord, men ikkje sjeldan er syntaksen stiv og danskprega. På denne måten blir det eit stilbrot i denne norske utgåva; Bokklubben burde ha spandert på seg ein språkkonsulent til utgivinga av dette viktige verket. Likevel: Ein bragd, på mange måtar, verken meir eller mindre!

Godt sagt! (0) Varsle

Sist sett

LabbelineAlice NordliLene AndresenJulie StensethMads Leonard HolvikHilde MjelvaSverreLaddenVannflaskeMarianne MEmil ChristiansenToneBjørg L.FarfalleGodemineIngvildKirstenPiippokattaBente NogvagretemorJohn LarsenLinnAEPia Lise SelnesEster SRisRosOgKlagingIrene RognmoErlend SamnøenSolveigJannaIvar SandTore HalsaLena512Turid KjendlieMarit HøvdeStine SevilhaugHarald KMorten MüllersiljehusmorWencheMaren